Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Startar på med sjakk igjen

Jon Olav Ørsal Tysdag 22. september 2015

Søndag kveld er det klart for ny runde med sjakk igjen på Matkroken, fortel Trygve Halle.  Det var stor interesse for sjakk sist vinter, med turnering og stor finale i ungdomshuset i påska. – Etter ein lang sommarfeie håper vi at mange er furkunn på litt sjakkspel og møter opp i kaffekroken på Matkroken komande søndag kl 19.30.

Saman vil vi da bestemme vegen vidare og sjølvsagt håper vi at det blir bra oppmøte, slik at vi kan få til eit liknande opplegg som i fjorvinter. Da var det samling annakvar søndagskveld og litt turneringsopplegg på privat basis i tillegg, seier Halle.

Sjakk_2296

Ta med sjakkbrett og brikkar og kom på Matkroken søndag kl 19.30 oppfordrar Trygve Halle. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 22. september 2015, 22:32