Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Matkroken får leveransar frå Coop

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. september 2015

Coop er komne i gang med vareleveransar til Matkroken, og Coopbilen kjem til å stikke innom Todalen 3 ong i veka – måndag, tysdag og torsdagar, fortel Atle Daaland som får fast Todalstur kvar torsdag.  Han startar kl 5.30 på turen til Todalen, og startar leveransane til Coopbutikkane i Rindal og Surnadal før han kjem til Todalen. Heile runden blir på rundt 25 mil.

TerjeN&AtleDaaland_3131

Terje Nordvik og Atle Daaland framfor semitraileren som leverer varer til Matkroken Todalen. Foto: Jon Olav Ørsal

Atle Daaland fortel at det leverer alle typar varer på måndagar, medan det på tysdagsruta er frukt, grønt og kjølevarer og så er det daglegvarer og frysevarer på torsdag.  Han er tilsett i firmaet Lerstadgrind Transport som har 45 lastebilar som kjører mykje for Coop gjennom samanslutninga Fosen Transport.

Daaland fortel vidare at dei også transporterer varer for PipeLife – mellom fabrikkane i Vanvikan og i Surnadal, samt for Dagens fangst (Norsk Kvalitetsmat) som returfrakt til Coops lager på Sandmoen i Trondheim

Publisert: 24. september 2015, 13:21