Det var full trøkk og mykje god og variert underhaldning da Pakkhuset Kro inviterte til Nordmørskveld torsdag kveld, der overskotet frå kvelden gikk til Eirik Halles utdanningsfond. – Eirik vart hard skadd i ei ulykke på vårparten, og er no under opptrening igjen og har god framgang i opptreninga, fortalte Kitty Eide da hun kunne ønska velkomen til gjestane på Pakkhuset.
Les heile saka
Surnadal jeger- og fiskeforening inviterer store og små fiskarar til å bli med på stetfisking på Kårvatn fredag kveld. Vi startar kl 18.00, og med Ola Røe i spissen blir det grilling av både storsei og kanskje sjølvfiska stet. SJFF sørgjer for gratis mat.
Les heile saka
Veidekke er no i full gang med asfaltlegging frå Åsskard til Bæverfjorden, og det er jammen på tide etter at trafikkantane i fleire år har kjørt på eit asfaltdekke som er meir enn utslite. Nærare bestemt så skal det leggjast nytt dekke frå stigninga opp mot Nordmarka og utover til Åsskard – til stigninga opp mot Åsskardhøgda.
Les heile saka
Førstkomande onsdag kl 19 inviterer familien Kvendset til sommarkonsert i Skuststua i Todalen. Det er Ingebrigt, Randi og tre av borna – Hallvard, Bodil og Alfred som vil underhalde oss med song og musikk. hallvard og Alfred trakterer trekkspell, medan Bodil vil sørgje for tonar frå sin fiolin.
Les heile saka
Torsdag 7. august fra kl. 19.00 arrangerer Pakkhuset Kro Nordmørskveld. Her blir det undrehaldning av ymse slag, både av tilreisande og lokale krefter.
Les heile saka
Frå Todalen Historielag sitt rikhaldige arkiv har vi i dag eit bilde frå Kvennsetgarden som er teke før 1960. Litt er likt då som no, men ein del har også forandra seg. Vegen er no lagt om, og bebyggelsen er no vorte adskillig auka.
Les heile saka
Søndag var det sumarens siste gudsteneste i Todalen kyrkje. Denne gongen var det studentprest Jon Olav Hjelle som var vikar for soknepresten som for tida avviklar ferie. Hjelle er frå trøndelag, og held på med prestestudie i Oslo, der han har to år att før han er ferdig utdanna prest. Under gudsteneste var det også dåpshandling […]
Les heile saka
7. august er Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag igang igjen etter ein lang sommarferie. Den første turen går til Sjøasetervatnet, der turmålet er hytta til Torild og Tor Magne Halset. På terminlista er det 10 turar på haustprogrammet, der det er turar rundt omkring i heile kommunen.
Les heile saka
I går var siste etappe endeleg ferdig for ungdomane som har gått Norge på tvers, frå Femunden til Stadt. Søsterene Ane og Erika Kårvatn og Emil Haugen Ansnes kom kl 12.18 i «mål» etter 38 dagar på tur på Kjerringa, like ved Vestkapp. Dei har heile turen oppdatert bloggen sin, og kan der berette om topp verforhold, som har gjort turen til ei kjempeoppleving. Heile 562 kilometer unnagjort på 38 dagar.
Les heile saka
J16 var det siste av dei lokale laga som i går måtte gi seg i årets Norway Cup-turnering. Dei møtte Sykkylven til 1/16-finale i A-sluttspillet onsdag kveld, men måtte gi tapt med 0-4. Dei øvrige laga gjekk ut tidligere på dagen.
Les heile saka
På føremiddagen i dag er det akkurat eitt år sidan raset uti stranda vart utløyst etter store nedbørsmengder. Ei hektisk tid, i allefall dei første døgna, men også ei tid med mange trivelege minner som ein av og til tek seg sjølv i å savne pittelitt. I den anledning har vi naturlegvis vore i kontakt med mannskapet både på skyssbåten Tollesund og frakteskipet Maursud, for å høyre kva dei driv med året etter.
Les heile saka
Rindalingane har mykje skihistorie å ta vare på, både sportsleg skihistorie og ikkje minst industriell skihistorie. Derfor er det nok på sin plass at denne historia blir teken vare på og vist fram til komande generasjonar. Det har jammen Rindal skimuseum klart på ein framifrå måte. Det nye skimuseet har fått med seg heile den lokale skihistoria, samtidig som dei har teke vare på industihistoria og presenterte dette på ein fin og balansert måte i det nye skimuseet. Eit besøk der kan absolutt anbefalast!
Les heile saka