For andre året på rad er Surnadal kommune med StikkUt-prosjektet til Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal. 2015 er «Friluftlivets år» og fokus er å framheve den positive effekten friluftsliv har på folkehelsa. Nytt StikkUT-mål her i Todalen er Storhaugen.
Les heile saka
Surnadal Arbeiderparti arrangerer også i år sitt 1. maiarrangement på Surnadal Kulturhus, kl 15.00 Program: – Hovedtaler Lilly Gunn Nyheim. – Appell v/Line Flåtten. – Surnadal Hornmusikk. – Tordenskjold Songlag. – Utlodning. – Salg av mat og kaffe. SURNADAL ARBEIDERPARTI ØNSKER ALLE VEL MØTT !
Les heile saka
Nordvik Grendalag ligg ikkje på latsida no i vårsesongen. 23. april arrangerte dei dugnad, der ein delegasjon vaska hus, nokre stabla ved, medan andre var på stadion og gjorde klar til årets fotballsesong. Heile 24 mann møtte og gjorde ei innsats for vårpuss i nærmiljøet.
Les heile saka
Onsdagar er det turdag for dei eldste i Todalen barnehage. Fem heldige og veldig spente ungar fekk onsdag i denne veka vere med på ei minnerik utflukt til Surnadal. «Reiseledar» Line Mari Svendsli har sendt oss eit lite reisebrev frå barnehagen sin innhalsdrike tur.
Les heile saka
Stavganggruppa har forlenst starta sesongen – den 23. aril var det sesongstart til Skrøvset i Bøfjorden og neste turopplegg er til Halset. Det skjer alt torsdag 30. april med oppmøte på Halset til vanleg tid kl 13. I innbydinga står det at vêret avgjer turen vidare.
Les heile saka
To foretak i Todalen har motteke støtte i forbindelse med SuSu- programmet , som er eit næringsutviklingsprogram for Surnadal og Sunndal kommune. Kårvatn Fjellgard har i 2014 fått 45.000 kroner i støtte til vandreprosjektet Bjøråskaret, medan Kårvtn Fjellutstyr AS fikk 150.000 kroner i støtte til markedsføring av kvalitets sportsutstyr.
Les heile saka
Gubbetrimen har no flytta treningane sine ut på Borholmen Stadion. Utover våren og sommeren blir det fysisk fostring for menn i alle aldrar ( og eventuelle damer) to gonger i veka melder ein sjølvutnemt bas Knut Jarle Sandstad.
Les heile saka
Om det kallast kamp eller trening spelar ingen rolle. Innsatsen var uansett upåklageleg og måla vart rekna etter kvart som dei rann inn. Knøttegjengen som møttes for andre gong for trening på Bordholmen kosa seg stort i ein stor time under litt kald vind tirsdag kveld. Dei er for små til å delta i seriespel enda, men laget har tenkt seg på ei par cupar i løpet av sesongen.
Les heile saka
Tysdag inviterte elevane ved Todalen skule familie, vener og bygdefolk til ti-kaffe. Det vart eit riktig kjekt og hyggeleg kaffelag!
Elevane hadde lagt mykje arbeid i arrangementet. Ungane i storskulen hadde først laga fin invitasjon og sendt ut. I mat og helse hadde dei baka sjokoladekake og pynta, og bakels vart steikt like før gjestene kom. Elevane i tredje og fjerde trinn stilte med nybaka kefirkake, og dei dekte bord. Første- og andre-klassingane hadde plukka kvitsymre, og dei stod også for bordpyntinga. Alle kaffebrøda smaka fortreffeleg!
Les heile saka
Utruleg mange todalingar og nokre utflytta todalingar møtte opp i går kveld når Todalen Sokneråd inviterte til den årlege dugnaden på kyrkjegarden. Og jobben såg ut til å gå unna rimeleg fort. Med ei kjapp oppteljing kom ein fort opp i mot 50 mann som hadde møtt opp for å ta vårpussen på kyrkjegardsområdet.
Les heile saka
Elevane ved Todalen oppvekstsenter inviterer i morgon 28. april til 10-kaffe i gymsalen. Her blir det servering og underhaldning av elevane, samt ein quiz. 10-kaffe er i anledninga eit begrep, for arrangementet startar ikkje før klokka 11 melder dei i invitasjonen.
Les heile saka
Laurdag ettermiddag 6. juni inviterer Todalen Misjonsforening til 170-årsjubileum. Det skjer i Todalen ungdomshus, og alle som vil delta er velkomne. Misjonskonsulent Janne Bjune og misjonær Åse Neergaard vil delta. På programmet står song, servering og gåve til misjonen og det blir høve til helsingar, og sjølvsagt gratis inngang.
Les heile saka