Då er det klart for å stemme fram vinnaren av månadens bilete for februar. Vi takkar alle bidragsytarar til dagens bilete!
Les heile saka
Då er det klart for å stemme fram vinnaren av månadens bilete for februar. Vi takkar alle bidragsytarar til dagens bilete!
Les heile sakaKomande torsdag, 12. mars, er biblioteksets filial i Todalen stengt. Neste veke er det imidlertid vanleg opningstid mellom 18 og 20, melder Karen Johanne
Måndag kveld var alvor på Vangen, da kampen FA-cupkampen mellom Manchester United og Arsenal gikk av stabelen på Old Trafford. Det var 74.285 tilskuarar på Old trafford og 8 på vangen, inkludert vår utsendte. Det var 3 Manchester United- og 3 Arsenal-supportere «på banen, samt Siri P. og underteikna i sivilt antrekk. Høgdepunktet var nok dei tre scoringane, samt servering av ein utsøkt pizza.
Les heile sakaJohn Moe har sendt oss nokre bilder av skader som hjorten har påført skogen i Øyalia i vinter. Bilda viser skader på fleire treslag, både gran, furu og lautre, og det er tydelig at hjorten har brukt tennene til arbeidsredskap.
Les heile sakaFrå tid til anna kjem det forslag om omklassifisering av vegar. Denne gongen er det eit forslag frå Surnadal kommune om omklassiffisering av heile 19 vegar rundt omkring i kommunen. Første steget i denne prosessen er behandling i hovudutvalg for teknikk, miljø og næring, som skal tilrå kriteria for dette arbeidet. Deretter blir det utarbeidd eit forslag, som så skal ut til offentleg ettersyn før kommunestyret gjer det endelege vedtak.
Les heile sakaI morgon inviterer Surnadal kommune og ordføraren til folkemøte angåande kommunereformen. på Todalen Oppvekstsenter.
Les heile sakaOnsdag kveld (11. mars) inviterer Todalen historielag til årsmøte i Todalen ungdomshus. Møtet startar kl 19.30. I tillegg til vanlege årsmøtesaker byr dei på «lokalhistorisk quiz» og sjølvsagt traktering – som er skikkeleg kveldsmat.
Les heile sakaStyret i Todalen I.L. melder at årsmøtet som var beramma til torsdag i neste veke er utsett til etter påske. Årsaka er at ikkje alle sakene er klare til neste veke, og ny årsmøtedato er difor sett til torsdag 9. april kl 19:00 i Todalen ungdomshus.
Les heile sakaKommande søndagstur er det Surnadal IL som står for. Dei arrangerer skitur til grillhytta ved Løålikjølen, eit veldig populært turmål for tida. Møt opp ved informasjonstavla ved skisenteret i Nordmarka i Surnadal 8. mars klokken 12.00. Holder på til ca. 20.00.
Les heile sakaI går hadde vi ei sak på ledig jobb ved Kårvatn Fjellutstyr AS, og vi fortsett like godt litt til med denne saka av samme karrakter da det for tida er MANGE ledige stillingar av ulikt slag i Surnadalsområdet.
Hos Svorka er det blandt anna lyst ut 4 ulike stillingar. Amfi Kreativ treng to nye medarbeidarer, og Surnadal kommune held på å ordne seg på sommarferieavvikling.
I Drivas fredagsavis annonseres det etter seljar til butikken til Kårvatn fjellustyr. Laila Kvendset Bergli, som er dagleg leiar, fortel at dei er ute etter ein person som er interessert i sal og kundebehandling – og som gjerne har fagkompetanse og erfaring fra sprotsbransjen. Og som det står i annonsen -» om du i tillegg tenkjer at du kan passe omtalen altmoglegmann, tusenkunstnar, lærevillig, sjølvgåande, gode datakunnskapar, engasjert, påliteleg, pliktoppfyllande, utstyrsinteressert, innovativ, utadvent, serviceinnstilt og fleksibel. Ja, då nærmar du deg verkeleg det vi søkjer etter….»
Les heile sakaDet er enkelte gong at det er vanskeleg å finne eigaren til ting som ein finn – eller som er att gløymt. Olaug Kvendset har teke vare på jakken på biletet over. Den er etterlatenskap etter 3.-dagsfesta i jula – ein svart dynejakke med merket Sir Joseph. I tillegg har ho funne eit par solbriller i Sandstadkrysset som også saknar sin eigar. klikker du videre finner du bilde og kontaktinformasjon.
Les heile saka