Todalen båtforening kallar inn til årsmøte 2022. Årsmøtet blir halde ved båghamna i Sissigrenda søndag 14. august klokka 18:00. Saker ein ønsker å få behandla på årsmøtet, må sendast laiar Bjørn Hauglann på e-post: bjorn.hauglann@talgo.no eller ta kontakt på mobil: 913 38 0 51.
Les heile saka
Det vart ein tøff VM-dag i varmen i Andorra. Men den norske troppa som er plukka ut for å delta har all grunn til å være nøgd med resultatet. Beste resultat oppnådde Ingeborg Synstenes Hole som fekk bestetid i damer junior klasse A på tida 47.06, medan Ida Waldal kapra andreplassen i damer junior klasse B knappe 44 sekund etter klassevinnaren. I herre junior klasse A kom Aron på 11.-plass med +9,25 etter vinnaren og i herre junior klasse B sikra Erik Kårvatn seg 13.-plassen med +5,44 etter vinnaren.
Les heile saka
I dag skal Erik Kårvatn og Aron Rodal Haugen representere Norge i vertikal i Andorra. Aron er yngste deltakar i yngste klasse, medan Erik deltek i eldste juniorklasse i år.
Les heile saka
Vi har fått tips om at det både på Nordvik og i Todalen er observert Kjempebjørnekjeks. Dette er ein planteartart det ikkje er ønskelig å ha i vår fauna. Folk blir difor oppfordra til å fjerne denne planden før den frør seg. Plantesafta er giftig og kan føre til hudskadar i sollys. Det er difor viktig å bruke hanskar for å beskytte seg sjølv, når ein skal fjerne denne planta.
Les heile saka
Det er no tilnærma «full guffe» ved Melby Snekkerverksted etter brannen 16. juni. Det dreier seg stort sett om bygningsmessige skader, fortel dagleg leiar Bjørn Melby i Talgøbedrifta Melby Snekkerverksted på Eide. Det er no gjort midlertidige reparasjoner av bygget og i disse dager er Polygon engasjert til å vaske ned og fjerne all røyk og sot som har hamna inne i fabrikkbygninga.
Les heile saka
I ein e-post frå Todalen Idrettslag, kjem dei med ei klar oppfordring vedrørande parkering og ferdsel i samband med alle trimpostane idrettslaget har i den digitale turregistreringa. Tur-appen er utruleg populær, og har noko over 10 000 registreringer per i dag. men idrettslaget ser i nokre høve at poeng kan vere viktigare enn trim, noko som gjer at dei no har gjort nokre tiltak.
Les heile saka
I trettentida laurdag gikk det eit lite steinras fra Åsbøsnyta og ned mot vegen mellom gammelvegen og brua på nyvegen. Ein liten stein kom heilt ned på vegen, medan resten av raset stoppa før det kom så langt som ned til vegen
Les heile saka
«Vêrbruket» på Todalsdagen klarte mesta å sette ein stoppar for heile årets arrangement. – Nokre få fotballkampar vart gjennomført og mosjonsløpet Ræta Opp vart da også gjennomført, men med kanppe halvparten så mange deltakarar som vanleg. Det ga sjølvsagt lite inntekt til Gatelaget, med knappe 7.000 kroner – medan det vanlegvis har vore det dobbelte. No oppfordrar arrangøren Todalen IL sine «støttespelarar» til å gje ein hundrelapp på etterskot.
Les heile saka
Stangvikfestivalen blir arrangert annakvart år, og blir i år arrangert frå onsdag 27. – søndag 31. juli. Torsdag 28. juli frå klokka 18:00 inviterer Stangvikfestivalen til Operapub i Todalen ungdomshus, der publikum får møte nokre av Europas fremste talent innan opera. Her kan nordmørspublikummet få oppleve noko dei elles må til dei største byane for å få oppleve!
Les heile saka
Fra 15. juli er det forbud mot å fiske holaks i Toåa, skriv Todalen Elveeigarlag i ei pressemelding. Dette er samme tiltak som ble gjort i fjor for å tilpasse laksefisket til bestandsstørrelsen etter at midtsesongevaluering i vassdraget er gjort.
Les heile saka
Det fine «kinovêret» held fram, så Surnadal kino har sett opp enno meir film enn planlagt (og annonsert). Mest for dei yngre; det skal seiast. Men Surnadal kino har opplevd godt besøk, og vel difor å sette opp nokre ekstra kinoframsyningar, medan vi alle venter på godvêret.
Les heile saka
Dei siste par dagane har Mesta trimma asfaltkantane på fylkesvegane rundt bygda. I kombinasjon med litt grøfterens får ein tranportert vatnet bort frå vegbanen og dermed slepp ein alle sølepyttane etter vegen
Les heile saka