Lotteri- og stiftelsestilsynet opnar for søknadar om straumstøtte for lag og organisasjonar frå onsdag 19. oktober. No kan også lag og organisasjonar i Midt-Norge søke om straumstøtte. Søknadsfristen er onsdag 16.november.
Les heile saka
Lotteri- og stiftelsestilsynet opnar for søknadar om straumstøtte for lag og organisasjonar frå onsdag 19. oktober. No kan også lag og organisasjonar i Midt-Norge søke om straumstøtte. Søknadsfristen er onsdag 16.november.
Les heile sakaDet var mange som stakk innom på den lokale handledagen på Matkroken sist laurdag. Matkroken Todalen er ein av dei tre butikkane i Surnadal kommune som er med i Merkurprosjektet. Matkroken Todalen markerte dagen med gratis kaffe og både marsipankake og graut og bakels – noko som var sett stor pris på av kundane.
Les heile sakaDet var sokneråda i Todalen og Stangvik som stod som arrangør av konsertkvelden i Stangvik kyrkje fredag kveld. Soknerådsleiar Rannveig Brøske sa det så rett, at ein slik kveld trong vi no! Det er så lenge sia sist vi har hatt slike arrangement og det var godt med publikum i kyrkja. Bernt Bøe hadde regien på programmet, og hadde med seg P17-koret, men han hadde i tillegg fått med tenoren Harald Bjørkøy, barytonsongaren Svein Volle og komponisten Ole Karsten Surndlisæter på orgel og piano – og ikkje minst allsongen.
Les heile sakaI morgon, laurdag 15. oktober, inviterer Matkroken Todalen, som vi tidlegare har skrive om, til «Handle lokalt»-dagen, med gode tilbod og gratis kaffe og kaker. Dette er ei årleg markering. for å synleggjera lokalbutikken sin viktige rolle i lokalsamfunnet gjennom å vere ein sosial møteplass, servicesenter og handlestad.
Les heile sakaI eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og kommunane i fylket, som er finansiert av fylkeskommunen, kan huseigarar no få ta del i «Kampanje med digitale tenester», der ein kan få ein gratis og objektiv energianalyse av bustaden sin. Tildodet er gratis.
Les heile sakaLaurdag 15. oktober er den nasjonale «Elsikkerhetsdagen», der det er fokus på at du tek kontroll over di eiga elsikkerheit.
Les heile sakaTysdag kveld var det stor givarglede da Todalen Sanitetsforening arrangerte sin årlege basar. Berre på førehandssalet kom det inn godt over 22.000, og i tillegg kom det inn mykje på kveldens basar. Maren Ansnes som er leiar i i foreninga rosa sambygdingane og tykte dei var rause til å støtte den gode saka til Sanitetskvinnene.
Les heile sakaKlassisk. Kreativt. Kortreist. Tre ord på K er beskrivande for fredagens konsert i Stangvik kyrkje. Tenoren Harald Bjørkøy, professor med norske, internasjonale og kongelege suksessar bak seg,
gir forsamlinga ein bugnande bukett av klassiske songperler. Publikum kan glede seg til utdrag frå Skapelsen (Haydn), arier av Rossini og Faure, Salme 24 av Wennerberg og Griegs «Landkjenning» og «I himmelen». Det skjer altså i Stangvik kyrkje fredag 14. oktober kl 19:00.
Laurdag 15. oktober markerer Merkur-programmet den årlege «Handle lokalt»-dagen under slagordet «Handle lokalt – velg nærbutikken». Matkroken Todalen er med i Merkur-programmet, og markerer sjølvsagt «Hanle lokalt»-dagen med gratis kaffe og noko å bite i, for kundane som kjem innom denne dagen.
Les heile sakaYr har dei siste vekene stort sett meldt regn, vind og dårleg ver, og veret har vore så ymse. Men måndagane har veret vore over all forventning.
Les heile sakaSvein Volle sitt bilete av vilt og vakkert vatn vart velfortjent røysta fram som månadens bilete for september.
Les heile sakaSiste nytt frå Todalen idrettslag er faktisk at trimgruppa kjem men eigen julekalender i år, fortel Sissel Halset Storslett som er leiar i TILs trimgruppe. No frir dei til alle kreative og nævenyttige sjeler om å være med å bidra med gevinstar til den nye julekalenderen. – Vi ser for oss heimlaga og kortreiste gevinstar […]
Les heile saka