Det vart ein litt dramatisk dag for Erik Kårvatn under randoneé-VM i Andorra. Det gikk som smurt for Erik i både kvalifisering og semifinale, og sikra seg dermed finaleplass i dagens sprint. Men før start var det kontrollveging av ski, og da vart den eine skia til Erik funne 10 fattige gram for lett. Dermed vart han nekta å delta i finaleheatet.
Les heile saka
I ei felles pressemelding frå ALTI Forvaltning og Malme AS, blir det kunngjort at ALTI Forvaltning og Malme AS inngår avtale om utvikling og forvaltning av Vestnes Brygge. Vestnes Brygge ligg sentralt plassert i Vestnes, midt mellom Molde og Ålesund. Vestnes har eit kompakt sentrum med mange butikkar i gåavstand. Vegg i vegg med senteret ligg Sport!, Europris og Bunnpris, forutan fleire leilegheitskompleks, treningssenter og båthamn. Avtalen som er inngått tredde i kraft 1.mars, altså frå i går.
Les heile saka
Det milde vêret den siste veka har smelta mesteparten av snøen i løypetraseane i lysløypa på Tjønnmyra, fortel Ola Dalsegg, leiar i Brne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag. Dette gjer at Barne- og ungdomsgruppa ser seg nødt til å avlyse morgondagens «Barn i løypa».
Les heile saka
Gutane som reiste til Andorra på for å delta på VM er forlengst framme og held på og aklimatiserer seg. Tysdag er det klar for første renn, så no finpussar dei forma og førebur seg på tøff konkurranse i tysdagens sprint. Fra reiseleder Gudmund Kårvatn har vi fått ein liten tilstandsrapport i dag:
Les heile saka
Det nærmar seg årsmøtetid for Todalen.no, og vi minner derfor våre medlemar om årsmøte torsdag 18. mars kl. 20.00. Alle medlemar er velkomne, både lag og organisasjoner, bedrifter og personlege medlemar. På saksliste står det vanlege årsmøtesaker. Dersom nokon ønsker saker behandla på årsmøtet må dette sendast skriftleg til stighusby@msn.no innan 10.mars.
Les heile saka
I dag vart det offentleggjort at konfirmasjonen i Todalen 2021 er utbsett til den 28.august. Det har tidlegare vore kjent at konfirmasjonane i Stangvik og Åsskard var utsett til i haust, og i dag kom altså meldinga om at konfirmasjonen i Todalen òg blir utsett til hausten. Opphaveleg skulle konfirmasjonen i Todalen ha vore laurdag 15.mai, men er altså no utsett til laurdag den 28.august.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 1. mars. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Les heile saka
Nokre regnbyger innimellom spreidde solgløtt skremte ikkje folk bort frå triveleg grillparty utafor butikken på Matkroken Todalen. Coop er ein av dei store sponsorane for VM i Oberstdoft, og dette markerer Coop i sine butikkar no i VM-veka. Og Matkroken som er Coop-butikk i Todalen er ikkje noko unntak.
Les heile saka
No klokka 15:30 kunne Håvard Halset frå Halset Vasslag informere om at alle abonnentane har fått att vatnet. Røyrbrotet på Todalsøra var ferdig reparert i 15-tida.
Les heile saka
I eit presseskriv frå Laget Vårsøg no i dag, blir vi informert om at Ole Magne Ansnes blir ny styreleiar i Laget Vårsøg. Ole Magne overtek som styreleiar etter Rune Dalager, som har vore styreleiar det siste året. Ole Magne vart valt til leiar på laget sitt årsmøte onsdag kveld.
Les heile saka
Eit godt, men spesielt årsmøte – det kan ein ein trygt seie om årsmøtet som Todalen sanitetsforening arrangerte torsdag 25. februar
Les heile saka
Fredag pakkar Erik Kårvatn kofferten og dreg til Andorra i Spania på VM i randoneé. Han er ein av fem som skiforbundet har teke ut til juniorlandslaget. To har meldt forfall, og dermed er dei tre som fredag setter seg på flyet til Barcelona. I tillegg er faren Gudmund Kårvatn med som lagleiar for juniorane på ein VM-tur som varer frå fredag til neste søndag – altså i overkant av ei veke
Les heile saka