Som mange sikkert har fått med seg dei siste dagane, så har Regjeringa, etter råd frå Folkehelseinstituttet, endra litt på tildelingsprioriteringane av koronavaksiner. Endringane får ikkje dei store konsekvensane for vaksineringstempoet i Surnadal kommune. I ei pressemelding frå kommunen no i dag, orienterer kommuneoverlegen om kva dei nye tildelingsprioriteringane vil bety for Surnadal kommune.
Les heile saka
Surnadal frivilligsentral – 1-årsjubileum
10.mars 2020 opna Surnadal Frivilligsentral dørene for første gong. I samband med 1-årsjubileet vil frivilligsentralen ha ope hus torsdagane 11., 18. og 25.mars, i tidsrommet 11:00 – 15:00. Janne Skei vil ha desse dagane fotoutstilling i lokala til Frivilligsentralen, og det vil bli sal av kaffe og kaker.
Les heile saka
Stem på månadens bilete for februar
Her kjem kåringa for februar månad og vi håpar du vil stemma på det bilete du syns fortjener tittelen månadens bilete. Veret er ganske fuktig om dagen, men kanskje finn du eit motiv som gjenspeiler det og? Vi tek regnværsbileter også.
Les heile saka
Nordvik Grendalag – årsmøte 9.mars
Torsdag 9.mars klokka 20:00 har Nordvik Grendalag årsmøte i forsamlingshuset. På grunn av koronasituasjonen ønsker grendalaget at folk melder seg på til årsmøtet. Påmelding skal sendast på SMS til Tonje Kristin Vikan på telefon 918 64 878 innan fredag 5.mars.
Les heile saka
Årsmøte for Surnadal Heimbygdlag
Surnadal Heimbygdlag minner om dei arrangerer årsmøte onsdag 3. mars.
Les heile saka
VM i Andorra: Erik sikra seg finaleplass, men fikk ikkje gå! – OPPDATERT
Det vart ein litt dramatisk dag for Erik Kårvatn under randoneé-VM i Andorra. Det gikk som smurt for Erik i både kvalifisering og semifinale, og sikra seg dermed finaleplass i dagens sprint. Men før start var det kontrollveging av ski, og da vart den eine skia til Erik funne 10 fattige gram for lett. Dermed vart han nekta å delta i finaleheatet.
Les heile saka
ALTI Forvaltning inngår samarbeid med Vestnes Brygge
I ei felles pressemelding frå ALTI Forvaltning og Malme AS, blir det kunngjort at ALTI Forvaltning og Malme AS inngår avtale om utvikling og forvaltning av Vestnes Brygge. Vestnes Brygge ligg sentralt plassert i Vestnes, midt mellom Molde og Ålesund. Vestnes har eit kompakt sentrum med mange butikkar i gåavstand. Vegg i vegg med senteret ligg Sport!, Europris og Bunnpris, forutan fleire leilegheitskompleks, treningssenter og båthamn. Avtalen som er inngått tredde i kraft 1.mars, altså frå i går.
Les heile saka
«Barn i løypa» – avlyst i morgon
Det milde vêret den siste veka har smelta mesteparten av snøen i løypetraseane i lysløypa på Tjønnmyra, fortel Ola Dalsegg, leiar i Brne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag. Dette gjer at Barne- og ungdomsgruppa ser seg nødt til å avlyse morgondagens «Barn i løypa».
Les heile saka
Eit lite livsteikn frå Andorra
Gutane som reiste til Andorra på for å delta på VM er forlengst framme og held på og aklimatiserer seg. Tysdag er det klar for første renn, så no finpussar dei forma og førebur seg på tøff konkurranse i tysdagens sprint. Fra reiseleder Gudmund Kårvatn har vi fått ein liten tilstandsrapport i dag:
Les heile saka
Todalen.no – innkalling til årsmøte
Det nærmar seg årsmøtetid for Todalen.no, og vi minner derfor våre medlemar om årsmøte torsdag 18. mars kl. 20.00. Alle medlemar er velkomne, både lag og organisasjoner, bedrifter og personlege medlemar. På saksliste står det vanlege årsmøtesaker. Dersom nokon ønsker saker behandla på årsmøtet må dette sendast skriftleg til stighusby@msn.no innan 10.mars.
Les heile saka
Utsett konfirmasjonane
I dag vart det offentleggjort at konfirmasjonen i Todalen 2021 er utbsett til den 28.august. Det har tidlegare vore kjent at konfirmasjonane i Stangvik og Åsskard var utsett til i haust, og i dag kom altså meldinga om at konfirmasjonen i Todalen òg blir utsett til hausten. Opphaveleg skulle konfirmasjonen i Todalen ha vore laurdag 15.mai, men er altså no utsett til laurdag den 28.august.
Les heile saka
Kløvertur, du er velkomen til å bli med ut og gå!
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 1. mars. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Les heile saka