Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag feira første sommardag med tur til Strengen, og ein skikkeleg fin sommardag med god sommarvarme vart det!
Les heile saka
Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag feira første sommardag med tur til Strengen, og ein skikkeleg fin sommardag med god sommarvarme vart det!
Les heile sakaDet var nok mange som lurte på kva som foregikk i elva ved Brusetbrua tysdag ettermiddag, der eit dusin tørrdraktkledde personar med flytevestar dreiv på i det kalde smeltvatnet i Toåa. Vi kan berre røpe det med ein gong, for det var selskapet HodeOverVann.no som sørga for at eit 10-tal Statkrafttilsett fikk opplæring i Elvesikkerheit – eller rett og slett eit aktuelt HMS-kurs for dei som jobbar ved elv eller sjø.
Les heile sakaLeiar i Todalen sokneråd, Kristian H. Gjeldnes, informerer om at det blir «slåttedugnad» på Todalen kyrkjegard torsdag 3.juni klokka 18:00. Det må slåast gras mellom greftene og langs med murane, der «slåttakarane» ikkje kjem til med graskløpparen når dei slår kyrkjegarden. Så han oppfordrar difor til at folk tek med seg kantkløppar på dugnaden.
Les heile sakaI ettermiddag inviterer Surnadal Senterungdom alle mellom 13 og 30 år til Pizza og Politikk på Fritidsklubben/Frivilligsentralen på Skei klokka 16:00. Her får du litt orientering om Senterungdommen og politikken deira. I tillegg kjem fylkesleiar i Senterungdommen, Dordi Boksasp Lerum.
Les heile sakaSøndag 6.juni mellom klokka 12:00 – 16:00 er det sesongopning hos Slettneset steinovnsbakeri på Nordvik. Det er førebels meldt godvêr, så da skulle alt ligge til retter for å ta søndagskaffen i Slettneset på søndag!
Les heile sakaStavgangsgruppa i Surnadal pensjonistlag inviterer til tur til Åsskard, torsdag 3 juni til vanleg tid kl 11. Parkering nedafor Åsskard kyrkje. Ta med stolar til kafferasten! Alle er velkomne!
Les heile sakaNo er det lenge sidan det har vore arrangert konsertar og andre arrangement i Todalen kyrkje. Men onsdag 2. juni klokka 19.00 gjer Todalen sokneråd noko med dette og inviterer til songkveld.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer pensjonister i bygda, samt medlemmer i Todalen sanitetsforening til sommeravslutning i Sanitetshuset tirsdag 8. juni kl 18.30.
Vi ønsker påmelding da det blir grillmat og kaffe med noe godt til.
I samband med at Todalen skal profilerast som innfallsport til Trollheimen vil elsykkelutleie bli lansert. Utleie av elsyklar er eit delprosjekt som blir lansert i tilkyting til lanseringa av innfallsporten. Sykkelutleia tjuvsatartar alt komande laurdag, og det skjer i regi av Todalen Grendalag som skal administrere utleia den første tida – det vil kanskje ta eit par år enno før innfallsporten kjem i drift. Måndag var det mange som møtte fram da ordførar Margrete Svinvik kløpte snora og ærklærte elsykkelutlånet for opna- skuleborna hadde fått fri til å være med og mange frå sanitetsforeninga var møtt fram.
Les heile sakaDet kommunale vassverket i Bjøråa melder om driftsstans i føremiddag. Det er ein mindre reparasjon og periodisk vedlikehald som skal utførast, og dei reknar med ordinær drift igjen seinast kl 12. Surnadal kommune har tilsaman 13 vassverk som dei har driftsansvaret for, rundt omkring i kommunen I vassverkhuset ved bjøråa er det installert mekanisk filter […]
Les heile sakaTorsdag 3.juni klokka 18:00 er det duka for årets første fotballkamp på Bordholmen stadion. Da spelar Søya/Todalen G9 mot Surnadal G9, med andre ord eit klassisk lokaloppgjer!
Les heile sakaNo, og nokre dagar framover er blomstringa på topp i arboretet. Den siste tida har det vore massiv rododendronblomstring, men no er også fruktblomstringa i full flor. Etter at ein lang kaldperiode forsinka blomstringa tidlegare i vår, så har det varme og fine sommarvêreet sett full fart på blomstringa no. Blomstringa i frukthagen har nærast eksplodert fortel Katarina Wedelsbäck Bladh, som er fagansvarleg for Svinviks arboret.
Les heile saka