Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Toåa – laksen bit villig vekk….

Jon Olav Ørsal Fredag 17. juni 2016

Det er god stemning i laksefiskarleiren om dagen. Laksen bit på, villig vekk, og det er vel akkurat slik vi vil at det skal være. Dag 3 har ikkje vore noko unntak, og det rapporteres om godt fiske også i dag. Totalt nærmer vi oss fort 30-talet av laks som er komne på land, og det er ikkje mindre enn ein skikkeleg rekord i «nyare tid». Malling rapporeterer at no har alle gjestane på Todalshytta fått fisk på kroken.

Les heile saka

Tid for kantslått, men…

Jon Olav Ørsal Fredag 17. juni 2016

I gamle dagar var slått langs vegkantane såkalla «kårkaillarbeid». Seinare har det vore Statens vegvesen som har hatt ansvaret for fylkes- og riksvegar, og Surnadal kommune langs kommunevegane. I løpet av den siste veka er det utført kantslått langs fylkesvegane rundt bygda, og det har teke knekken på store mengder med hundkjeks, lupiner og anna vekstar. Kommunevegane derimot, ventar framleis på kantslåtten – og vil nok vente forgjeves i år har vi høyrt rykte om…

Les heile saka

Todalsdagen – No er det på tide med lopper

Jon Olav Ørsal Fredag 17. juni 2016

Laurdag 2. juli arrangeres årets Todalsdag. Ein av aktivitetane under Todalsdagen er den tradisjonelle loppemarknaden. Derfor er det på tide å begynne å kike seg rundt etter lopper som du kan gi bort. Inntekta frå loppemarknaden går som vanleg til Todalen Idrettslag, og blir delt mellom trimgruppa og fotballgruppa, fortel Borghild Talgø som er «sjefsloppe» […]

Les heile saka

Stavgang til Øygarden i Bæverdalen

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. juni 2016

Torsdag var det Øygarden i Bæverdalen som var turmål for Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag. Derifrå var det lagt opp til stavgangtur i retning Grytbakksetra, der det var høve til å henge på så lenge ein ønska. Olav Jostein Holten var kjentmann og guide på turen.

Les heile saka

Klondyke på andre dagen i Toåa…

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. juni 2016

Den gode starten på laksefisket i Toåa fortsetter på andre dagen. Vi har ikkje klart å skaffe full oversikt over fangsttala, men eit 20-tals laksar er nok komne i frysaren etter nok ei prodduktiv natt ved elvekanten. Og laksen ser ut til å fortsette å ta agnet som laksefiskarane har å by på. Det blir rapportert fangstar frå både nedre og øvre del av elva.

Les heile saka

Laksefiske i Toåa: Eit minne for livet for Andreas!

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. juni 2016

Første turen til Todalen og laksestart i Toåa blir nok eit minne for livet for Andreas Lindbek frå Halden. Han har tilhald på Todalshytta, saman med faren Rune og hans kamerat Frank Haugrim. Ved øvre Teindammen stod Andreas og frista laksen med flue og eihands fluestong, da den første laksen hogg seg fast i flua. Laksen var ikkje så stor, men det var den første laksen i Todalen for Andreas – og gleda var stor!

Les heile saka

God trimtur til Fauskhjellen

Dordi Jorunn Halle Torsdag 16. juni 2016

Onsdag kveld gjekk trimturen til Fauskhjellen ovanfor Ørsalen. Sju ivrige turgåarar starta opp Ræta i lag med leiar i trimgruppa, Jorunn Nordvik.

Les heile saka

Oppskytinga starter komande måndag

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. juni 2016

Det er tid for å førebu seg på jaktsesongen i gjen – alt komande måndag startar Søya og Todalen skyttarlag med skyteprøver på lagets skytebane i Ranheimsvingen. Her blir det skyting på måndagskveldar alle måndagskveldar fram til utgangen av august – unnateken måndag 4. juli. Skytinga skjer i tidsromm 18.00 – 20.00

Les heile saka

Redningsaksjon for grasmatta på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. juni 2016

Eit par veker utan nemneverdig nedbør tærer hardt på grasmatta på Bordholmen stadion. Derfor fekk banekomiteen i kveld forsterkningar frå Todalen brannlag for å spe på med litt ekstra vatning.

Les heile saka

Flying start på laksefisket i Toåa..

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. juni 2016

Allereie første timen kom det fleire laks på land under fiskestarten i Toåa i natt. Det var veldig godt fiske dei første timane og i løpet av natta kom det iallfal 8 laks som vi har fått rapportert – og dei aller fleste er tekne i den øvre delen av elva.

Les heile saka

Vi minner om: Trimtur til Fauskhjellen

Dordi Jorunn Halle Onsdag 15. juni 2016

I kveld, onsdag, er det ny trimtur. Denne gongen er Fauskhjellen målet for turen. Det er ein grei tur som passar for alle, seier leiar i trimgruppa Jorunn Nordvik. Oppmøte i «Ræta», ved den gamle brannstasjonen. Turen startar 18:30. Alle er velkomne til å bli med på tur!

Les heile saka

Vellukka sommaravslutning ved Todalen oppvekstsenter

Dordi Jorunn Halle Onsdag 15. juni 2016

Tysdag kveld var det duka for felles sommaravslutning for barnehagen og skulen i Todalen. Gymsalen var fullsett da leiar i FAU, Bjørn Gunnar Ansnes, ønskte velkomen. Både familie og vener av ungane ved oppvekstsenteret møtte fulltalig opp!

Les heile saka