I morgon klokka 18 er det oppstart med ein ny runde lagseriestemne fortel Ingeborg Myrvang til todalen.no. Da er alle ungar i bygda inviterte til Bordholmen for å teste ut sine ferdigheiter innan alskens friidrettsgreiner som lengde, ballkast og sprint for å nemne noko.
Les heile saka
Onsdag er søppeldag – og da er det fast opplegg med todalstur for Nils Sylte i Hamos, iallfall i månadane mai til og med august. Frå 1. september er det igjen vinterrute som kjøres, og da blir det tømming annakvar veke for restavfall og kvar 4. veke for papir og plastinnsamling, fortel Nils. Vi trefte […]
Les heile saka
Denne veka har Trønder-Energi drive vedlikehald av dei kunstige terkslane og hølane i Toåa. Det ansvaret er knytta til konsesjonsvilkåra for Driva kraftverk, på same måte som settefiskanlegget i Rossåa. Vi har årleg miljøtilsyn av anlegga i Toåa, men dei står godt og det har berre vore gjort små reparasjonar og justeringar denne gongen, fortel Sveinung F. Susort frå Trønderenergi til Todalen.no.
Les heile saka
Da har vi mottatt nok eit bilde som viser ny banerekord på den populære frisbeegolfbanen på Bordholmen. Gofarane i Surnadal Frisbeegolf har ved fleire anledningar besøkt Todalen for å gå runden, og med stor sansynlegheit slå tidlegare rekord. Sist søndag var det Eskil Mogstad, Vetle Kvande, Stein Todalshaug, Einar Sæterbø og Sander Reiten som var ute på nye […]
Les heile saka
I dag var vi oppmøtte i Todalen skule da klokka var 8.30 for å få med oss skulestarten. Det var også 23 elevar som strutta av energi, og var glade for å treffast på skuleplassen igjen etter ein lang sommarferie. 3 nye førsteklassingar var også på plass, med nye flotte skulesekkar, og stillte nok med store forventningar.
Les heile saka
På Todalen Brygge og Pakkhuset Kro er no sommarsesongen på hell, og det blir etter kvart tidlegare mørkt om kveldane. Vanlegvis er denne «kantsesongen» mellom sommar og vinter tida mellom vinter og sommar litt dautid for oss som driv med turisme, fortel Synnøve helland ved Todalen brygge. Det jhar ho tenkt å gjera noko med, og i helga var det «premiere» for opplegget.
Les heile saka
Laurdag spela Surnadal sitt herrelag mot Rollon 2, som også ligg nederst på tabellen i 3. divisjon. Surnadal gjekk dessverre på nok eit tap, trass god tru på at dei skulle vinne på forhånd. Frikk Hauglann Talgø spela sin første kamp på lange tider, etter ein skade i vårsesongen, og vart kåra til banens beste med sitt innhopp i 2. omgang.
Les heile saka
Surnadal pensjonistlag starta ny sesong med ein finvêrstur til Rindal og stavgang rundt Igltjønna. Første stavgangturen samla heile 37 deltakarar, som sette kvarandre i stemne i det flotte og velordna friluftsområdet.
Les heile saka
Eg følte meg veldig heime og kan konstatere at latteren sitt laust i Todalen, sa Jon Schau etter forestillinga. Jon Schau kan konstatere at showet «En gal mann vender hjem» som skal kjørast på revyteatret Chat Noir, sitt som det skal etter ein vellukka generalprøve på Todalshytta.
Les heile saka
Måndag kveld er det igjen åpne dører ved Todalen bibliotek melder utlånsansvarleg Karen Johanne Talgø. Har du ønsker om spesielle bøker, både norske eller framandspråklege er det berre å ta kontakt, så ordnar Karen bestilling. Både frå Surnadal og Oslo.
Les heile saka
Torsdag kveld kl 20.00 kan du høre og sjå Jon Schau i hans nye show «En Gal Mann vender hjem» på Todalshytta i Todalen. – Jon Schau er tilbake på humorscena og gjestar altså Todalen med sitt show på ein slags førpremiere, før han dreg i gang sine forestillinger på Chat Noir i Oslo fra 16. september og utover hausten.
Les heile saka
Vi hadde for eit par veker sia eit lite intervju med Torbjørn og Rannveig Brøske som reiste til Alanya på teneste for Sjømannskyrkja. – Situasjonen var spent i Tyrkia etter kuppforsøket, og vi lurer sjølvsagt på korleis det har gått etter at dei kom på plass på Sjømannskyrkja. Det er tross alt unntakstilstad enno!
Les heile saka