Da vi stakk innom Todalshytta tidlegare i kveld var oppladinga til årets laksestart alt i gang. Heile gjengen satt til bord og kunne nyte den 5-retters middagen på tampen av ventetida. Kjøkkensjef Jan Larsen hadde mykje godt på lur, og når vi listar opp er eg usikker på om eg fekk med meg alle rettane, […]
Les heile saka
Svorka melder at det blir straumstans i kveld, onsdag 14. juni, frå kl. 22:00 til i morgon tidleg kl. 06:00. Dette gjeld strekninga frå Rossåa til Kårvatn. Grunnen er vedlikehald av straumnettet – skifting av trafo og pålar. Ved eventuelle spørsmål, kan ein ringe 924 20 050.
Les heile saka
Tysdag kveld inviterte John Moe til vaskardugnad i Todalen Ungdomshus. Ungdomshuset trong no ein skikkeleg rundvask, og husformannen var spent om han fekk noko hjelp.
Les heile saka
Midt i slåttonna inviterte banehagen og skulen i Todalen familie, naboar og vener til Tikaffe i gymsalen, og riktig mange møtte opp og kosa seg både med underhaldning, kaffe, bakels og triveleg lag.
Les heile saka
“Hverdagsaktivitet” er tema for Ingrid Kvendset Hagens foredrag og “Fra lek til toppidrett med handicap – hvilke muligheter det har gitt meg” vil Nils-Erik Ulset fortelje om. Det er eigenleg heilt unikt at Todalen Idrettslag får dei to, som er eit par, til å kome til Todalen for å ta del i idrettslagets temakveld. Det skjer i Todalen ungdomshus torsdag 15. juni kl 19.
Les heile saka
Stor-Johannes er rett og slett ei stor furu som voks opp i Årlia ved Merkesvaet ein plass mellom Talgø gard og Kårvatn. Vi starta turen frå Talgø gard med grunneigar Anita Talgø som guide og vegvisar, og turen gikk over brua og innover skogsvegen på nordsida av dalen. 16 historieinteresserte deltok på turen, som gikk innover heile lia og heilt til bytes med Kårvatn-eigedomen.
Les heile saka
I kveld var det høgtideleg pre4mieutdeling etter etterjulvinterens store sjakkturnering. Gullmedaljen gikk til Kristoffer Nordvik, med Amund Talgø og Brage Hauglann Talgø på sølv og bronseplass.
Les heile saka
Tysdag kveld er det vaskardugnad i Todalen Ungdomshus – ungdomshuset treng ein rundtvask etter vinteren, og husformann John Moe håpar på godt oppmøte til vaskadugnaden som starta tysdag 13. juni kl 18.00. Sjølvsagt blir det dugnadskaffe og noko å bite i.
Kom som du er, og bli med på Ræta Opp. Laurdag 1. juli går mosjonsløpet Ræta opp av stabelen på Bordholmen. Poenget er ikkje å vinne, men å delta, seier Knut Bergli og Ingvild Kårvatn. Dei to er henholdsvis stemnegeneral og sjef for mosjonsløpet Ræta Opp. Stort er det egentleg at Todalen I.L. donerer heile startkontingenten til Treffpunkt Surnadal. Dei driv i regi av kreftforeninga og jobbar med born og unge i alderen 6-16 som er ramma av alvorleg sjukdom i heimen – eller hos pårørande.
Les heile saka
Tysdag 13.juni blir det «Tikaffe» ved Todalen oppvekstsenter klokka 10.00!
Les heile saka
Fredag opna glade, spente og forventningsfulle barnhageungar utstilling av eigne arbeid i Skulstuå. Her var det stor variasjon i motiv i glade fargar – retteleg flott!
Les heile saka
Søya og Todalen skytterlag startar oppskyting til jakta – første skytekveld er måndag 19. juni på skytebanen i Ranheimsvingen. Der er det open bane frå kl 18 til kl 20.
Les heile saka