No har vi komme til Romådalen på vår arkiv-visning. Vi deler Romådalen opp i tre bolkar for vi har så mange bilete i arkivet. I dag kan du gjera deg betre kjent med Ytre Setrene i Romådalen.
Les heile saka
No har vi komme til Romådalen på vår arkiv-visning. Vi deler Romådalen opp i tre bolkar for vi har så mange bilete i arkivet. I dag kan du gjera deg betre kjent med Ytre Setrene i Romådalen.
Les heile sakaSanitetsforeninga i Todalen inviterer til Kløvertur måndag 11. mai. Oppmøte ved Hals/Matkorken og turstart kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaI dag, 9.mai, vart denne bilnøkkelen funne på Tjønnmyran i StikkUT!-runden. Nøkkelen blir lagt inn på Matkroken i Todalen og kan hentast der.
Les heile sakaFor Svinviks arboret er det ingen tvil om at det er både eit spesielt år og ein spesiell vår. Koronakrisa «var på topp» akkurat da vi skulle booke bussturer til arboretet på etterjulsvinteren, fortel Maja Frønes som er dagleg leiar for Svinviks arboret. – Disse gruppereisene legg fundamentet både for besøkstala i hagen og for omsetninga i kafeteriaen. I staden for å planlegge ein offensiv vårsesong så vart arboretet stengt ned, sier Maja. No er det letta litt på restriksjonane, men dette vil nok prege drifta gjennom heile sesongen og framleis er gruppeturar med buss forbudt.
Les heile sakaKristin Kårvatn vant månadens bilete med korona avstand målt i snømenn. Vi gratulerer og lovar at premie vil bli overlevert. Som alltid vil vi takke alle våre bidragsytarar for at dykk held oss med bilete.
Les heile sakaTodalsfan Andreas Belboe har sendt oss ein film fra Todalen 19. april. Han har filma med drone fra nedre del av bygda og sett saman ein to minutt lang filmsnutt. Kunne vore ein reklame for «Heimatt til Todalen» dette!
Les heile sakaI desse «koronatidene» har ein måtte planlegge merkedagane i mai utan det store publikum. Surnadal kommune har difor i år valt å filme markeringa av 8. mai.
Stig Cato Magnussen, områdesjef i Heimevernet, og kulturleiar Lilli Husby har derfor i dag lagt på krans ved dei tre bautane til minne om dei som mista livet da krigen braut ut i 1940.
Les heile sakaNo har alle dei personlege medlemmane til Todalen.no enten fått faktura digitalt eller i posten. Det betyr at om du IKKJE har fått faktura eller har vippa direkte, så er du faktisk ikkje eit personleg medlem.
Les heile sakaÅrets 17. mai blir også i Todalen skalert ned til eit minimum. 17. mai-komiteen ønsker å få til ei lita ekstra markering med det tradisjonelt biltoget i botnen. Derfor blir det flaggheising på Matkroen og Talgø og synging av nasjonalsangen før biltoget startar klokka 11 og fortsett turen opp til gammelfabrikken og runden ned rundt bygda igjen.
Les heile sakaNo er det mai og tid for å pynte opp. I år blir feiringa av 17. mai, andre høgtidsdagar og maifestdagar annleis enn vanleg. Kanskje er det da ekstra viktig med litt pynt for å setje farge på maidagane? Sanitetsforeninga sel maiblomster, ikkje på Halsbua som vanleg, men ved bestilling på grunn av smittesituasjonen.
Slik er opplegget:
I kveld er det manuell dirigering ved Svinviktunellene melder Mesta. Da er det tid for vårpussen og ein skikkeleg rundtvask. Arbeidet vil pågå ein tre-fire timar fra klokka 18 og utover.
Les heile sakaI går kveld kalla Todalen sokneråd inn til dugnad på kyrkjegarden. Og for ein respons dei fekk! Nærare 40 personar tok turen innom for å hjelpe til med vårpussen på «sin» kyrkjegard. Her var det raking, kvisting, klipping, planering og mykje sosialt samvær. Det brukar alltid å væra eit særs godt oppmøte på kyrkjegardsdugnadane på […]
Les heile saka