Slik startar jaktvisa som Jon Lunde skrev som «kjenningsmelodi» for Hjortfesta som hadde si storheitstid på 80-talet. I dag trefte vi eit stort oppbud med jegrar som hadde lunchpause med langbord utafor fjøset i Øya. Eit lite 20-tal med godt synlege jegrar i grønt og orange var ferdige med det første jaget som hadde gått i Ørsal-lia, og no var det godt med ein matbil og ein kaffedråpe før dei skulle fortsette. Men aller først på plana stod jobben med slakting av kronhjorten som fall på Kubru-posten ved Haukåa.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 2. november. Start frå Matkroken/Hals kl. 11:00. Samkjøring utover til Nordvik, personar i same «kohort» kan kjøre i lag. Turen startar frå parkeringsplassen i skogsvegen ovanfor Rabbleet. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Odd Eivind Varnes driv ei litt spesiell verksemd må ein si. Han er dagleg leiar og einaste tilsette i Varnes Drift som driv med fresing av stubbar – selskapet hans er lokalisert til Midsund, der han tek på seg forskjellig arbeid – slik som stubbfresing, snøbrøyting, felling og kapping av tre og mykje anna. laurdag tok han turen til Todalen for å frese opp dei 13 stubbane som stod att etter at verneskogen utafor fotballbanen var kappa ned for nokre år sia.
Les heile saka
Enten i gårnatt eller ein av dei siste dagane er det gjort hærverk vår fotballbanen på Bordholmen, fortel Lars Stensby som er leiar for banekomiteen. Nokon har kjørt med bil utpå banen og påført stor skade på grasdekket. Det må ha skjedd ein av dei siste dagane eller aller helst i gårnatt, trur Lars som er skikkeleg frustrer for det som har skjedd.
Les heile saka
Runa, Mari og Bjørn gjorde susen da Todalen sokneråd inviterte til songkveld i Todalen kyrkje fredag kveld. Det var tidlegare organist Bjørn Vevang som sammen med forsangarane/solistane Runa Svare og Mari Kristine Brekken sørga for stemninga. Vi som var der kjem til å hugse denne songkvelden som ein triveleg og varm allsongkveld med mange gode historier og mykje latter.
Les heile saka
Todalen Idrettslag skal frese bort stubbane som står att etter bjørkene som stod på yttersida av fotballbanen på Bordholmen. I samband med dette kjem firmaet Varnes Drift frå Midsund på synfaring i morgon, laurdag 31.oktober.
Les heile saka
Kvar torsdag siden skulestarten 17.qugust har 1. – 4. årstrinn ved Todalen oppvekstsenter hatt «uteskule». Torsdag var ikkje noko unntak i så måte, og i dag starta skuledagen med besøk på Matkroken Todalen for å overrekke teikningar elevane hadde teikna som ein takk til Terje Nordvik og dei tilsette på Matkroken for refleks og matboksar dei hadde fått, og for å vise at dei er glad i nærbutikken sin!
Les heile saka
Dei siste åra har alle ungane i Todalen vore invitert til felles halloween-feiring i gymsalen på Todalen skule. På grunn av Koronasituasjonen ser arrangørane ikkje anna råd enn å avlyse årets arrangement.
Les heile saka
Fredag 30.oktober klokka 19:00 blir det songkveld med organist Bjørn Vevang og solistane Mari Kristine Brækken og Runa Svare i Todalen kyrkje. Prest Kristin Strand vil delta med lesing. Arrangør er Todalen sokneråd.
Les heile saka
Kommuneoverlege Bjørn Buan møtte ei lydhør forsamling i Ungdomshuset måndag kveld. Han kunne slå fast at akkurat no er det kontroll på smittesituasjonen i Surnadal, men koronasmitta kjem plutseleg og uventa, og alle smitteutbrot er ulike. Det absolutt viktigaste og tryggaste er å halde god avstand i sosiale situasjonar. Så pass på meteren!
Les heile saka
Torsdag kveld inviterer Byggmakker Surnadal og Hageland Surnadal til «Handledag» med utvida opningstid til kl 20 om kvelden. Det har nærast vore tradisjon med «damenes aften» på denne tida, med coronasituasjonen har gjort det naudsynt å tone dette ned til å arrangere ein handledag. Årets handledag omfattar både Byggmakker og Hageland Surnadal som altså begge har langope denne kvelden.
Les heile saka
Siste måndagen i oktober vart ein finversdag med sol og god temperatur. Fjella rundt oss er høge, sola er låg og skuggane lange, så ein lyt nyte dei siste soltimane. Dei tretten turgåarane fekk ein god og triveleg runde i Toåa tursti måndag 26. oktober.
Les heile saka