Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I dag var det sal av TIL sine nye thermodrikkeflasker på Matkroken

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 19. desember 2020

I dag hadde Todalen Idrettslag si Økonomi og markedsgruppe rigga seg til med salsstand på Matkroken. Her vart dei «rykande ferske», og etter vår meining, fine 0,5L thermodrikkeflaskene idrettslaget har fått tak i, og som dei no sel. Flaskene er kvite og er utstyrt med Todalen I.L. sin fargelogo. Flaskene kostar kr. 150,-. Så her er nok eit julegåvetips!

Salet starta klokka 10:00 og thermoflaskene fekk god mottaking og salet var veldig bra gjennom heile opningstida, så lageret minkar fort.

Oda Hadde salsvakt nummer to. Foto: B G Ansnes

Om du ikkje har fått kjøpt thermoflaske endå, men vil sikre deg eit eksemplar, kan du ta kontakt med:

  • Ingunn Mikkelsen på telefon: 918 29 206 eller
  • Jenny Stensby på telefon: 416 24 991

Flaskene kan betalast med vipps 105468 eller kontant. Prisen er kr. 150,-. 

Publisert: 19. desember 2020, 14:24