Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Adventsbad i 15 grader på Kårvatn

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. desember 2020

Bading i elva er vel ikkje akkurat det første ein assosierer adventstida med? Men på Kårvatn var det i ettermiddag heile 15 grader, og freistinga, for å ta eit forfriskande bad, vart for stor for Gudmund og Nora. Så dei iførte seg badeklede og hoppa ut i elva. Om det var behageleg temperatur i elva tvilar vi vel eigentleg på, men dei to påstod i alle fall at det var godt med ein dukkert i elva. 

Det ser ut til at mildvêret skal halde seg, i alle fall ut dagen i morgon, så om det blir kvit eller grøn jul er endå heilt uvisst! 

Publisert: 19. desember 2020, 16:44