NVE melder gjennom varslingstenesta varsom.no om stor snøskredfare i Trollheimen torsdag 18.februar. Faregraden er sett til 4 – for regionen Trollheimen, Romsdal og Sunnmøre. På fredag ser det ut til at faregraden går litt ned att, men skal du på tur rett før helga, eller i helga, kan det nok vere lurt å følgje med på Varsom.no før du vel turmål. Grunnen til at det er så stor snøskredfare no, er eit svakt snølag høgt i snødekket. Dette gjer at det er stor fare for å utløyse snøskred.
Les heile saka
På ekstraordinær generalforsamling i Todalsfjordprosjektet i dag, var den viktigaste saka val av nytt styre. malene Aaram Vike vart valt til ny styreleiar, medan tidlegare styreleiar Lars Løset vart valt til styremedlem for eit år for å sikre kontinuiteten. Ny nestleiar i Todalsfjorprosjektet vart Lars Inge Kvande.
Les heile saka
Koronavaksineringa er godt i gang med prioriteringsgruppe 3 kor vi no vaksinerer personar på 80 år. Grunna begrensa tilgang på vaksiner blir det i neste veke eit kort opphald i vaksinering av nye personar i denne gruppa.
Les heile saka
I Svinvikstunellen er arbeidet i gang med å skifte lysarmaturar til LED-lys. Arbeidet starta i går, og vil fortsette til arbeidet er ferdig. Trafikken blir regulert manuelt, og det blir bruka ledebil gjennom tunellen. Det må påreknast litt ventetid for å kome gjennom tunellen.
Les heile saka
Etter 2 og ½ månad med jul- og vinterferie var det klart for årets første kløvertur i Todalen. Det vart ein god start på kløvertursesongen med 15 deltakarar og godt ver.
Les heile saka
Har du problem med å få kontakt i Todalen på din Telia mobil, så har det nok sin natulege forklaring. Det ser ut til å være basestasjonen på Halset som har problemer av ein eller anna grunn. Vi har vore i kontakt med Telia kundeservice som påstår at det ikkje er dekningsutfall – men kontakt har vi iallfall ikkje.
Les heile saka
«Organisten vår», Ronny Kjøsen er ein av fire nominerte til Spellemannsprisen i klassen Folkemusikk/tradisjonsmusikk for 2020. Spellemannsprisane for 2020 blir delt ut under eit TV-sendt (NRK) musikkshow fredag 16.april. Kjøsen er nominert for CD-en BoneBohem som han gav ut i 2020. Tittelen på CD-ymtar om at Kjøsen i mange år har vore mjølkebonde. Kjøsen er i dag busett på Rindalsskogen og er organist i Todalen, Stangvik og Åsskard sokn.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til ny sesong med kløverturar. Årets første turdag blir måndag 15. februar. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Les heile saka
I dag var det stor aktivitet på skeiseisen på Bordholmen i «mildvèret», ja mildvèr samanlikna med temperaturen som har vore dei siste vekene vel og merke! Men ikkje for det, aktivitetet har vore stor heile tida, sjølv om gradestokken har vist ned mot -15-18 grader i lang tid. Todalen Idrettslag si Barne- og ungdomsgruppe gjer ein kjempeinnsats for å halde skeiseisen på Bordholmen stadion i tipp-topp stand.
Les heile saka
I dag vil alle som har TV via Svorka sitt kabel-TV nett, i Surnadal kommune, få ei tekstmelding. Her blir vi informert om at Svorka skiftar frå Telenor til Telia som TV-leverandør dei neste fem åra. I tekstmeldinga blir vi og informert om at vi i samband med denne omlegginga vil få tilsendt ny dekodar mot slutten av neste veke. Dette gjeld for alle kabel-TV kundar i Surnadal kommune.
Les heile saka
ei pressemelding frå Surnadal kommune no i kveld får vi ei oppdatering om lokale smitteverntiltak i samband med at den smittsame virusvarianten frå Storbritannia er påvist i Trondheim. Det dreier seg om påviste spreidde utbrot ved fleire handelssenter i Trondheim.
Les heile saka
På nettsidene til Surnadal kommune kan vi i dag lese at det blir ei forsiktig gjenopning av Surnadal svømmehall på tysdag- og torsdagskveldar, så da blir det mogleg å ta seg eit varmt bad i vinterkulda. Opningstida er 17:00 – 18:30 og 19:00 – 20:00 båe dagane. På grunn av smitteverntiltaka i samband med koronasituasjonen må ein bestille tid på førehand.
Les heile saka