Alpingruppa i Surnadal Idrettslag kjem laurdag 20. november til Matkroken Todalen for å selje alpingruppa sin adventskalender. Salet går føre seg i tidsrommet mellom klokka 10:00 – 12:00. Det skjuler seg totalt 41 gevinstar ford bak dei 24 lukene, så her er det gode sjansar for å vinne fine gevinstar!
Les heile saka
Kommuneoverlegen informerer i ei pressemelding i føremiddag om at det er meldt om fleire positive hurtigtestar for Covid-19, både ved Midtigrenda barnehage og Surnadal barne- og ungdomsskule. Kommuneoverlegen gjev nedanfor ei statusoppdatering for situasjonen ved Midtigrenda barnehage og Surnadal barne- og ungomsskule, og kva tiltak som er igangsett i samband med dei positive hurtigtestane.
Les heile saka
Årets utgåve av tradisjonsrike «Jul på Nordmøre» er klar. Det er 86. gong at heftet kjem ut. Utgjevar er Nordmøre og Romsdal Ungdomslag. Juleheftet vil bli å få kjøpt ved Matkroken Todalen ganske snart.
Les heile saka
Ein person, som er elev ved Surnadal videregåande skule, har i dag testa positivt på hurtigtest for Covid-19 ved Surnadal opplyser kommuneoverlege Bjørn Buan i ei pressemelding no i ettermiddag. Bekrefta svar på PCR-test føreligg førebels ikkje. Alle elevar og tilsette dette vedkjem har gjennomført hurtigtestar, utan at det er gjort ytterlegare positive funn. Undervisninga vil difor fortsette som planlagt blir det opplyst i pressemeldinga.
Les heile saka
Laurdag 20. november klokka 13:00 inviterer Start 4H til haustfest i Todalen ungdomshus. Her blir det utstilling, som viser prosjektoppgåvene medlemmene har arbeidd med det siste året. Det blir sal av kaffe, bakels med graut og kaker.
Les heile saka
I ei pressemelding frå Surnadal kommune no i ettermiddag, kjem kommuneoverlege Bjørn Buan, med bakgrunn i auka koronasmitte, med novemberråd til innbyggarane i Surnadal kommune. Pressemeldinga, som er underskriven av kommuneoverlege Bjørn Buan, kan du lese nedanfor.
Les heile saka
Det var ein stolt gjeng som møtte pressa i foajen på kulturhuset måndag føremiddag. Dei representerte både bokprosjektet «Heittgjort» og revyprosjektet «Heittgjort» – begge prosjekta er etablert for å ta vare på den viktige kulturhistoria om revymiljøet i Surnadal i perioden 1965 til 2020. Dei fire var Trygve Roaldset som representerte Surnadal Heimbygdlag som utgjevar av revyboka, Styrkår Brørs som forfattar av boka, Svein Sæter som har vore redaktør for bokprosjektet og Øyvind Holte som har hatt ein fot i både bokprosjektet og revyprosjektet.
Les heile saka
Det var knallhard konkurranse i oktober om å stikke av med seieren, det ble tilslutt Ingri Bruset med Todalen kyrkje som fikk flest stemmer. Grove dimensjonar og spegel var lenge med i drakampen. Vi set utroleg stor pris at folk sender inn bidrag til oss, og vår epost har god plass til fleire.
Les heile saka
Herborg Kråkevik kjem fredag 26. november til Surnadal kulturhus med sin storslåtte Julerose-turné, der ho har teke med seg Linda Eide, Vigdis Hjorth, Mathias Eick og Kristiansund symfoniorkester.
Les heile saka
Årets høgdepunkt i Todalen historielag er boksleppet som skjer i midten av november kvart år. At det er stor interesse for lokalhistoria i Todalen er lett å sjå når premieren for årets årsskrift samla så mykje folk.
Les heile saka
Torsdag 18. kl 1100 blir det ny time med «Bøy og Tøy» på meierisalen under leiing av fysioterapeut Oda! Og etterpå kan vi ga og drikk kaffe sammen! Arrangør er Surnadal pensjonistlag.
Laurdag var siste runde med strikkekaffe før jul, og det vart ei lita og intim samling – med og uten strikketøy. Det var ikkje så mange som møtte opp denne gongen, da det var kollisjon med andre arrangement, mellom anna julemesser som det no er aktuell tid for. men triveleg vart det lell, og dei som møtte opp hadde ei triveleg stund i Sanitetshuset.
Les heile saka