Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Barn i løypa» under gode forhold

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 11. januar 2022

I kveld var det «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Det var fine forhold for å gå på ski i fint preparerte løyper. Gradestokken viste eit par blå grader, så temperaturmessig var det langt betre i kveld enn førre tysdag, da det var skikkeleg kaldt. Mange hadde møtt opp og tok nokre rundar i dei fine løypene. 

Markus og Ådne tråkka si eiga løype. Foto: J S Ansnes

Markus og Ådne tråkka si eiga «alternative» løype, som etter kvart vart godt besøkt og prøvd av dei andre som var på «Barn i løypa» i kveld.  

Frå i morgon av, er det meldt mildare vêr med mykje nedbør i form av regn, så det spørs om det blir skiføre dei komande dagane, eller om ein må finne på andre aktivitetar innomhus?

Neste «Barn i løypa» er planlagt på same stad tysdag 18. januar klokka 17:30.

Torsdag er det balleik i gymsalen på Todalen skule, og Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag ønsker alle barn og unge velkomne! 

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 11. januar 2022, 19:31