Onsdag kveld (11. mars) inviterer Todalen historielag til årsmøte i Todalen ungdomshus. Møtet startar kl 19.30. I tillegg til vanlege årsmøtesaker byr dei på «lokalhistorisk quiz» og sjølvsagt traktering – som er skikkeleg kveldsmat.
Les heile saka
Onsdag kveld (11. mars) inviterer Todalen historielag til årsmøte i Todalen ungdomshus. Møtet startar kl 19.30. I tillegg til vanlege årsmøtesaker byr dei på «lokalhistorisk quiz» og sjølvsagt traktering – som er skikkeleg kveldsmat.
Les heile sakaStyret i Todalen I.L. melder at årsmøtet som var beramma til torsdag i neste veke er utsett til etter påske. Årsaka er at ikkje alle sakene er klare til neste veke, og ny årsmøtedato er difor sett til torsdag 9. april kl 19:00 i Todalen ungdomshus.
Les heile sakaKommande søndagstur er det Surnadal IL som står for. Dei arrangerer skitur til grillhytta ved Løålikjølen, eit veldig populært turmål for tida. Møt opp ved informasjonstavla ved skisenteret i Nordmarka i Surnadal 8. mars klokken 12.00. Holder på til ca. 20.00.
Les heile sakaI går hadde vi ei sak på ledig jobb ved Kårvatn Fjellutstyr AS, og vi fortsett like godt litt til med denne saka av samme karrakter da det for tida er MANGE ledige stillingar av ulikt slag i Surnadalsområdet.
Hos Svorka er det blandt anna lyst ut 4 ulike stillingar. Amfi Kreativ treng to nye medarbeidarer, og Surnadal kommune held på å ordne seg på sommarferieavvikling.
I Drivas fredagsavis annonseres det etter seljar til butikken til Kårvatn fjellustyr. Laila Kvendset Bergli, som er dagleg leiar, fortel at dei er ute etter ein person som er interessert i sal og kundebehandling – og som gjerne har fagkompetanse og erfaring fra sprotsbransjen. Og som det står i annonsen -» om du i tillegg tenkjer at du kan passe omtalen altmoglegmann, tusenkunstnar, lærevillig, sjølvgåande, gode datakunnskapar, engasjert, påliteleg, pliktoppfyllande, utstyrsinteressert, innovativ, utadvent, serviceinnstilt og fleksibel. Ja, då nærmar du deg verkeleg det vi søkjer etter….»
Les heile sakaDet er enkelte gong at det er vanskeleg å finne eigaren til ting som ein finn – eller som er att gløymt. Olaug Kvendset har teke vare på jakken på biletet over. Den er etterlatenskap etter 3.-dagsfesta i jula – ein svart dynejakke med merket Sir Joseph. I tillegg har ho funne eit par solbriller i Sandstadkrysset som også saknar sin eigar. klikker du videre finner du bilde og kontaktinformasjon.
Les heile sakaFredag og ny runde med «Storrundt» frå Todalen Historielag. Denne gongen frå småbruka rundt kyrkja. Hovedbildet er Husbygeilen.
Les heile sakaTil våren blir det oppretta permanent båtanløp for Sea Cargo til Surnadal Hamn. Det er båten «Sea Cargo Express» som kvar veke går mellom Trondheim og Aberdeen som kjem til å stikke innom Surnadal hamn – som ein avstikkar frå anløpet i Kristiansund. Torsdag var det ein slags førpremiere på denne ruta, da «Sea Cargo Express» kom innom for å hente 700 m3 med MøreRoyal-produkt frå MøreTre – som skal leverast på turen nedover Vestlandet, før båten styrer over til Aberdeen i Skottland.
Les heile sakaKvinnenes bønedag starta i 1887 i USA og samlar i dag kvinner i meir enn 170 land til bønesamlingar på same dag, første fredag i mars. Det har også vorte tradisjon å ha møte på Kyrkjelydshuset i Surnadal kvart år. I år er samlinga fredag 6. mars kl 18.00.
Programmet er laga av kristne kvinner i Bahama i Karibia med fokus på ofre for vald i heimen. Gjennom Bibelselskapet støttar vi opplysningsarbeid og bibelspreiing. Alle er velkomne.
Er det du som har mista ein optisk hjerterytmemålar for pulsklokke utafor «Hett & Svett», så er den funne – og i god behald. Ta kontakt med Carina Talgø (tlf 92043327) så får du den att!
I år, som tidlegare år har Todalen Sanitetsforening kjøp inn kunstverk av ein lokal kunstnar som skal loddast ut gjennom heile året, med trekning i desember. Denne gongen vart det anskaffa to bilder, av Odd Skrøvset. Mange har allerede kjøp lodd, men da utan å vite eksakt kva dei kjøpte for. Dette var under fastelavnsrissalget på Matkroken midt i februar.
Les heile sakaDet er ikkje så ofte at det byr seg anledning til å kjøpe hytter eller fritidshus i Todalen. Men no er det ei hytte til sals på Kårvatn, i hyttefeltet innafor Plassen, like ved Nauståfossen. Hytta ligg på sjølveigartomt, og har veg fram til tomta.
Les heile saka