Søndag vart det felt ei jervtispe i Todalen. Det skjedde under åtejakt, og det var ei jervtispe på 9,3 kg fortel Lars Olav Lund frå Statens naturoppsyn til tk.no som skriv at jerven vart felt med eit velretta skot på rundt 45 meter.
Les heile saka
Søndag vart det felt ei jervtispe i Todalen. Det skjedde under åtejakt, og det var ei jervtispe på 9,3 kg fortel Lars Olav Lund frå Statens naturoppsyn til tk.no som skriv at jerven vart felt med eit velretta skot på rundt 45 meter.
Les heile sakaPå Brusetsia av Brusetbrua er det ein skade på brukaret, der noko av fyllinga har rasa ut, og rekkverket henger i lause lufta. Det ser ikkje ut som det er nokon umiddelbar fare for meir skade, og skadestaden er godt merka av Mesta.
Les heile sakaDet såg lenge mørkt ut for å få til sjakkturnering denne vinteren. Turneringa har vore høgst uhøgtideleg, men likevel artig for deltakarane som har samla seg i Kaffekroken på Halsbua på søndagskveldar. Søndag kveld starta årets turering og den skal gå 3 søndagskveldar i januar, 2 i februar og 2 i mars – og 2 påskedag blir det storstila finale i Todalen ungdomshus, som er open for publikum.
Les heile sakaFor 14. år på rad er det no den 17. januar igjen klart for Surnadal Sparebank sin Næringslivsdag. Ein dag som etter kvart har vorte til ein regional møteplass for næringslivaktørar og andre interesserte i vårt omland. Allerede no er det 200 påmeldte fortel Liv Dalsegg i Surnadal Sparebank.
Les heile sakaFrå nyttår er det Østlie Transport på Vinstra som har kontrakt på den lokale varedistribusjonen frå Talgøs lager på Vinstra. Det er selskapet Talgø Logistikk som driftar lageret på Vinstra, og Østlie Transport har no kontrakt på dei to kjørerutene til Møre og Trøndelag. – Her kjøres Møreruta først i veka og Trøndelagsruta sist i veka. Begge rutene endar i Todalen, der bilen lastar ferdigmåla panel som skal til Vinstra – og vidare ut i den store verda
Les heile sakaTILs løypekomiteen er i gang på oppkjøring av skiløyper. Dei første løypene er klare til bruk, og fredag kveld var løypa frå Kvennset og oppover til ungdomshuset og vidare opp Øyalia klar. Denne veka er det Ivar Bolme som har vakt, og han har fredag køyrt på spor opp Øyalia og opp til Haukåa, og innover til Bjøråa eit stykke utafor Tristeinan.
Les heile sakaVi har komme over til eit nytt år, og det betyr siste avstemning for månadens bilete i 2016. Kandidatane til månadens bilete blir plukka ut av redaksjonen blant bileta vi la ut den månaden, og deretter får lesarane våre muligheit til å stemme fram sine kandidatar i ei lita veke. Vi takkar for alle bidrag […]
Les heile sakaPå MøreTre passerte siste tømmerstokken saga i dag. Ein epoke er over, men det er på ingen måte nokon brems på for selskapet som høvlar og sel meir produkter av skurlast enn nokon gong. Sagverket på Møretre er frå 1975, og har dermed gjort teneste gjennom 40 år, og sjølv med ei oppgraderinga av anlegget først på 2000-talet kan vi konstatere at anlegget er utslitt, seier dagleg leiar Hallvard Brusethaug i MøreTre.
Les heile sakaDen siste tida har snømangel hemma aktivitetane i lysløypa på Tjønnmyra. Snøfallet dei siste par dagane, saman med litt kulde har sørga for perfekte forhold i lysløpa etter at Ståle har preparert løypa i dag tidleg.
Les heile sakaVi har venta lenge på skiføre i lysløypa på Tjønnmyra. Endeleg er det kome nok skiføre til å kjøre på skispor gjennom heile lysløypa, og Ståle Ansnes melder no at lysløypa no er klar til bruk. Dermed er det berre å finne fram skiene og sette i gang.
Måndag kveld vart skøytebanen rydda for snø, og fekk sin første dose med vatn. – Blir det kuldegrader no så blir det skøyteis på asfaltplassen framfor klubbhuset, fortel Knut Bergli og Anders Gjeldnes.
Les heile sakaSurnadal kulturhus startar brått, med teater på torsdag og nyttårskonsert på fredag. For å bidra litt til dei som kunne tenkt seg «både–og», gir Teatret Vårt tilbod om ein ekstra rabatt til dei som går for «vekas kulturelle dobbel»: Viser du fram billett til fredagens nyttårskonsert, vil du få kjøpt teaterbilletten til kr 200.
Les heile saka