I kveldinga inviterte Ola Kvendset bygda til kuslepp i Viastua. Ikkje så alt for mange tok turen, men det brydde dei seg lite om dei vel 40 kyrne som endeleg fekk ut og nyte den fine maikvelden.
Les heile saka
I kveldinga inviterte Ola Kvendset bygda til kuslepp i Viastua. Ikkje så alt for mange tok turen, men det brydde dei seg lite om dei vel 40 kyrne som endeleg fekk ut og nyte den fine maikvelden.
Les heile sakaDagens hovudprogram kom heilt til slutt i år. Det starta med gudsteneste i Todalen kyrkje og fortsett med nedlegging av krans på bautaen ved kyrkja. Deretter var det folketog frå kyrkja forbi Hallagrenda og etter Pilskarvegen over Øyabrua og til Ungdomshuset, der resten av programmet foregikk.
Les heile sakaFotballgruppa i TIL er vant til store frokostselskap, så 140 personar rundt frokostbordet skremmer ikkje. Etter at biltoget var unnagjort så var frokosten klar på asfaltplassen på Bordholmen.
Les heile sakaPresis kl 10 sette biltoget seg i bevegelse, etter at heile 58 kjørety hadde vore oppstilt i gata mellom Talgø-fabrikken og Halsbua klare til å ta den tradisjonelle runden oppover bygda til Gammelfabrikken og nedover igjen til Bordholmen. Dette har vore ein del av feiringa av nasjonaldagen – heilt sia 60-talet.
Les heile sakaSom tidlegare år blir det tradisjonell 17. mai feiring i Todalen, med «skrommeltog» som første post på programmet. Deretter blir det i regi av fotballgruppa invitert til frukost på Bordholmen, eller i ungdomshuset om vêret krev det, fortel nyvald leiar i fotballgruppa Anders Gjeldnes.
Les heile sakaEin skulle kanskje tru at hjorten no finn nok mat i skogen, slik at den held seg unna innmarka. Men det er nok feil – det er stadig mykje hjort kring vegkantane, så det er best å køyre med forsiktighet. I kveld tok vi ein rask runde rundt bygda for å sjå om det var […]
Les heile sakaOgså frå Stangvik skulekrets har vi fått tilsendt årets 17. mai program. dei startar dagen med gudstjeneste, før dei samlast ved Stangvik oppvekstsenter for sitt hovedarrangement.
Les heile sakaTradisjon tru har Todalen brannvesen også i år teke på seg oppdraget med å spyle plassen framfor butikken for strøsand og anna rusk og støv som vinteren har lagt frå seg. I år fekk dei også ei oppfordring om å spyle Øyabrua sidan 17. maitoget skal passere der.
Les heile sakaDei 27 elevane i Todalen skule har tradisjon med å invitere besteforeldre på 10-kaffe ein dag på vårparten. I dag var det slikt arrangement, og denne gongen inviterte dei like godt «alle interesserte» til å kome til skulen for å få oppvartning og underhaldning eit par føremiddagstimar.
Les heile sakaUngar og tilsette ved Todalen oppvekstsenter inviterer i dag til 10-kaffe på skulen.
Les heile sakaDa var dagen komen for Kløvertur oppover Romålia. Ni damer starta frå Heggøyan med Haukarsteinen som mål. Veret var aldeles nydeleg, sol og varmt, men med ein og annan vindpusten «som den heite panna svala».
Les heile sakaI helga har Surnadal golfklubb arrangert årets første golfkurs. På lik linje med øvrig idrett er også golfklubben avhengig av at det «veks oppiatt» nye golfarar, i alle aldrar. Grunnkurset er på 12 timar, og krev ingen teoretisk eller praktisk prøve. Siste kursdag blir neste måndag for denne gjengen, som har hatt Geir og Tove Garte som instruktørar.
Les heile saka