Jo Sverre Sande opptrådte første gang på Todalshytta sommeren 2016, og returnerte for å delta på låtskriverseminaret RAUS i 2017. No er han klar for konsert på Todalshytta fredag 17. august og klokkeslettet er 19.00.
Les heile saka
Jo Sverre Sande opptrådte første gang på Todalshytta sommeren 2016, og returnerte for å delta på låtskriverseminaret RAUS i 2017. No er han klar for konsert på Todalshytta fredag 17. august og klokkeslettet er 19.00.
Les heile sakaOnsdag inviterte surnadal Bondelag til møte om gravforsituasjonen i regionen. Dette var nok eit tema som interesserte mange og det var godt frammøte i kantina på Surnadal Ungdomsskule. Og bondelagsleiaren Oddvar Mikkelsen sa at «det er inga lykkeleg årsak til at vi samlast i kveld» da han ønska velkomen. Men bondelaget hadde samla mykje kompetanse til møtet, og alle var optimistar med tanke på å finne løysingar for å kome ut av grovforkrisa som har oppstått.
Les heile sakaMedan arkeologane ligg på kne og graver etter fornminner i Øygarden bustadfelt, så er Tonje Kristin og Ivar Vikan komne i gang med tomtearbeidet på nabotomta. Dei har venta lenge på å kome i gang, og no er altså Per E. Gjeldnes Maskin i gang med gravearbeidet. I løpe av vinteren skal huset bygges og vi satsar på å kome inn i nytt hus til påske neste år, seier Tonje Kristin og Ivar som sjølvsagt er glad for å være i gang.
Les heile sakaDei to arkeologane fra Vitenskapsmuseet i Trondheim har etter kvart fått det travelt i sitt utgravingsarbeid i Øygarden bustadfelt. Stadig nye funn fører til tidsnød, og dei siste dagane har dei funne enno ei gravrøys som truleg inneheld fleire graver. I gravrøysa har dei funne både kol og brent bein og vi forstår at det er ein spennande jobb dei to utfører.
Les heile sakaOPPDATERT
Todalen sanitetsforening inviterer til ope møte i Todalen sanitetshus torsdag 23. august kl. 18.30. Tema for møtet er trening og trim for vaksne og eldre, og kor viktig dette er for å bevare ei god helse etter kvart som ein blir eldre. Fysioterapeut Ingrid Kvendset Hagen vil orientere om temaet og vise øvingar som har god effekt for helsa vår.
Les heile sakaArve Tellefsen kommer tilbake til Surnadal 19. september – sammen med et stjernelag av musikere. Konserten, «Stabat Mater/Switched on Bach», går inn som en del av Kristiansund Kirke Kunst Kulturfestival (KKKK)
Les heile sakaAlle monner dreg sier Ola Kvendset og Emil Thorp som driv kantslått både på elvekantar, ekkerkantar og vegkantar for å samle grovfor til krøttera. Ola Kvendset er gardbrukar i Viastua, medan Emil Thorp er avløysar. I dag hadde dei litt ledig tid, og har altså samla litt fôr både her og der, og dei trur da at dei kan fø heile buskapen ein dag med det fôret dei har samla inn. Da kan ein seie at alle monner dreg!
Les heile sakaFørste Kløverturen i haustsesongen 2018 var lagt til Svinvikrunden. Veret var godt, og 12 damer møttest for å gå tur, riktig kjekt å møtast turkledd igjen! Og det er alltid triveleg både med «nye» og «gamle» turgåarar – her er alle velkomne til å bli med ut på tur.
Les heile sakaNo er det høgsesong for oppskyting – alle som skal på storviltjakt må kvart å ta skyteprøven som er 5 skot på hjortviltfigur på 100 meteren. – Og alle skotta må treffe innafor sirkelen på 30 cm. Men før du får ta skyteprøven, så må du ta 30 prøveskot med jaktammunisjon. Det er Søyå og Todalen skytterlag som arrangerer skyteprøven her lokalt, og det skjer i Ranheimsvingen.
Les heile sakaMøtet om trim, trening og helse for vaksne og eldre som skulle vere i Todalen sanitetshus tysdag 14. august, er UTSETT på grunn av sjukdom. Møtet blir no neste torsdag, altså 23. august kl. 18.30, i Todalen sanitetshus.
Les heile sakaLagseriestemna kjem i gang igjen i kveld, melder Gunnar Nordvik i Ski- og friidrettsgruppa i Todalen I.L. Det er start på Bordholmen frå kl 18.00 og utover.
Les heile sakaDen siste veka vart det fart i laksefisket. I veke 32 er det meldt inn 27 laksar som er tekne i Toåa, så laksefisket har hatt ein skikkeleg oppsving etter at det vart skikkeleg vassføring og fiskarelv. Natt til laurdag hadde vassføringa ein topp på heile 82,5 m3/sek ved Storfossen – i skrivande stund på måndag føremiddag er vassføringa ved målestasjonen på 7-8 m3/sek og det er fin fiskarelv.
Les heile saka