Elementfabrikken til Talgø MøreTre har fått ein flying start. Ikkje minst er det skapt mange nye arbeidsplassar har det siste året og dei reknar med å produsere byggelement for rundt 80 mill. i inneværande år. Det første driftsåret har også vist at det er behov for mykje lagerplass, og Talgø ønsker no å dette i system gjennom ei reguleringsplan for området nord-vest for dagens fabrikkanlegg. I samband med planarbeidet inviterer Talgø naboar og andre berørte partar til informasjonsmøte på fabrikken tysdag 18. september kl 19.
Les heile saka
Tysdag kveld var det mange som lurte på kva som foregikk ved Øyabrua? Er det alt klart for bygging av ny bru, eller kva er det som skjer? Vi tok ein runde og trefte ein hyggeleg kar som representerte NGI – Norges Geotekniske Institutt. NGI har fått i oppdrag å gjere grunnundersøkingar for å forsikre om at den nye Øyabrua blir bygd på trygg grunn.
Les heile saka
Etter plaskregn i natt vart det sol og godver for damene på Kløverrusletur i Øyalia. Her var det tur etter fin skogsveg, somme gikk langt og andre tok ein rusletur.
Les heile saka
Den vellukka familiedagen i Svinvika markerte på mange måtar både slutten på den første 4-årsperioden og starten på den andre perioden. SuSu-prosjektet fortsett å jobbe med å få til ein døgnopen region og eit næringsliv i vekst. I den første perioden er det skapt rundt 150 nye arbeidsplassar i Surnadal og i Sunndal kommune som ein kan seie har kome i kjølvatnet av SuSu-programmet. – Målet er slett ikkje mindre ambisiøst for neste periode fortalte styret i SuSu på ein pressekonferanse forleden. I veke 39 blir det mange aktivitetar på begge sider av todalsfjorden, der næringslivet blir sett i fokus.
Les heile saka
Lars Stensby har ein årlig MC-tur i lag med kameratar fra tiden han jobba i Forsvaret, og som har felles interesse for motorsykler. Gjengen koser seg med motorsykkel og trives i hverandres selskap, og i år ble det til sammen 9 overnattinger. – Lars har i år som i fjor sendt oss et reisebrev, og deler både små og store hendelser med oss på Todalen.no.
Les heile saka
Søndag ettermiddag var det gudsteneste med konfirmantpresentasjon i Todalen kyrkje. Det er 3 jenter som no startar konfirmasjonsførebuinga, og i dagens gudsteneste vart dei presenterte og sokneprest Kristin Strand snakka litt om kva program dei skal gå igjennom fram til konformasjonen på vårparten ein gong i 2019. Dato for konfirmasjon er ikkje fastsett enno, men snart en den også klar.
Les heile saka
Sanitetsforeninga inviterer til Rusletur måndag 10. september. Denne gongen blir basen terrassen ved Ungdomshuset, og så kan ein gå kort eller lang tur i skogsvegen i Øyalia. Her kan ein ta seg fram med rullator.
Les heile saka
Skal dataklubben til pensjonistlaget i Surnadal halde fram? Det er spørsmålet ein håpar å få svar på onsdag 19. september kl. 1100. Da inviterer pensjonistlaget til meiningsutveksling om dette på deira faste møteplass; lesesalen i biblioteket på Skei.
Les heile saka
Dei unge surnadalslesarane sette ny rekordar; dei 165 brukarar las tilsaman 2047 bøker på totalt 178.350 sider.
Dei fleste folkebiblioteka var med på «Sommarles», ein kampanje for dei unge som skal stimulere til å bruke sommaren til å lese. Lesekampanjen gjekk mellom 1. juni og 1. september, og skulle bidra til at leselysta blir held varm gjennom heile sommaren.
Les heile saka
Denne hausten blir det oppstart med barnekor for ungar på 2.-4.trinn frå Stangvik, Todalen, Mo og Bæverfjord, saman med elevar frå Øye skule. Alle som har lyst til å lære meir om å synge, alle som vil lære nye songar og alle som vil synge saman med andre er hjarteleg velkomne!
Les heile saka
Todalen idrettslag har fått 4 billetter til elitefotballkampen KBK – Haugesund som går på heimebane i Kristiansund søndag 23. september. Idrettslaget lager ein liten konkurranse ut av dette, og inviterer Todalen.no sine lesarar til å bli med – Det blir to vinnarar, og premien er 2 billetter til kvar som blir trekt ut.
Les heile saka
Vi gratulerer til Kristian Gjeldnes med eit flott vinnarbilete.
Les heile saka