Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalsfjordprosjektet – kva alternativ bør ein velge?

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. februar 2019

I veka som gjekk var Vegvesenet rundt på ein informasjonsrunde, der aktuelle grunneigarar og grendelag samt kommunestyra i Surnadal og Sunndal vart orientert om korleis Vegvesenet no jobbar med planane for Todalsfjordprosjektet. På det eine møtet møtte representantar for Todalen grendalag og Nordvik grendalag, samt grunneigarane og andre som kan bli berørt av prosjektet på nordsida av Todalsfjorden.

Tegninga viser lengdeprofilen av brua og vegen for dei to alternativa med 25- og 40 meters seglingshøgde. Illustrasjon: Statens vegvesen

Carsten Bohle representerte Todalen grendelag (tidlegare kalla P/T-utvalet) og han fortel at det var eit interessant og informerande møte, der deltakarane vart presentert for prosjektet og korleis Vegvesenet jobbar med fleire alternative løysingar. Det var prosjektleiar Bjarne Otnes som stod for presentasjonen og som representerte Statens vegvesen på møtet.
Eit av dei store spørsmåla som vart belyst på møtet var seglingshøgda for ei eventuell bru over Todalsfjorden, der aktuelt behov må være avgjerande. I presentasjonen vart det vist alternativ med 25- og 40 m seglingshøgde, og korleis dette vil påverke vegbygginga med høgde på fyllingar og ikkje minst prisen på prosjektet. I presentasjonen vart det vist fleire alternative løysingar for vegbygging og fyllingar på Svinvik-sida. Her må planleggarar og politikarar etter kvart ta stilling til kva alternativ som skal veljast. Når det gjeld seglingshøgda for brua så har kommunestyra både i Surnadal og Sunndal i etterkant gått inn for 25 m.

Carsten Bohle i Todalen grendelag tykte at det var positivt at grendelaget fekk delta på møtet, og tykte det var ein bra og informativ presentasjon som var gjort. Han seier at det er viktig at alle sider ved saken blir belyst og at all informasjon kjem på bordet slik at folk kan danne seg eit bilete av kva dei forskjellige alternativa betyr og kva konsekvensane blir.
Todalen Grendelag ønsker derfor at vi skal vise den aktuelle presentasjonen for våre lesere og på denne måten kunne følge med på kva som skjer med Todalsfjordprosjektet. Den som ønskjer kan derfor laste ned presentasjonen ved å klikke på linken og laste ned det PDF-dokumentet som inneheld presentasjonen som var køyrt for møtedeltakarane og for kommunestyra i dei to kommunane.

Viser eit av alternativ med vegfyllingar på Svinviksida med 40 meter seglingshøgde. Illustrasjon: Statens vegvesen

Og på same måte er her vist eit alternativ med fyllingar på land med brualternativ med 25 meters seglingshøgde. Illustrasjon: Statens vegvesen

Publisert: 9. februar 2019, 07:31