Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No er det glatt!

Elinor Bolme Måndag 11. februar 2019

Vi er no inne i ein periode der det er meldt store mengder nedbør i form av snø og regn. Brøytemannskapet rundt om i bygda er klare, men dei melder om eit glatt føre desse dagane. Anders Ansnes Karlsen fortel at snøen som no har komme er veldig glatt, og ber derfor den som ferdast etter vegane om å vere forsiktig.

I morgon melder Yr nedbør i form av regn så da seier det seg sjølv at med ein polert snøsole så vil det bli speilblankt. -Da blir det full fokus på strøing, seier Anders som reknar med at brøytarane i og utanfor bygda har fullt opp dei kommande døgn.

 

Publisert: 11. februar 2019, 09:15