Frå laurdag 12. mai er det sesongope i Svinsviks arboret. Frå denne dagen er arboretet ope frå onsdag til søndag mellom kl 12 – 17. Unntaka i mai er grunnlovsdagen 17. mai, da arboretet er stengt og 2. pinsedag som er ekstra opningsdag. Men aller først blir det dugnad i arboretet. Det skjer 2. mai i lag med hagelaget og alle gode venner av arboretet, fortel Dordi Kjersti Mogstad, som er fagleg ansvarleg i Svinviks arboret. Opningshelga 12.-13. mai har nok blomstringa starta og da er også salsplantene klare for sal i arboretet.
Les heile saka
Todalen.no har i dag vorte kontakta av fleire grunna den elendige vegstandaren som no rår på Pilskaret. Vi har vel i grunnen sjølv også registrert elendigheita den seinare tid, men no har det forverra seg betrakteleg det siste døgnet. Så elendigt var det i går kveld at Åshild Halle ikkje såg anna rå enn å setje i ei vegstikke i eit av dei verste hulla, slik at passerande skulle bli merksame på hulla. Ho tok også kontakt med vakttelefonen for Surnadal kommune i går kveld for å gjera dei oppmerksame på problematikken. Og det resulterte i at Kolo Veidekke tok turen innover med ein gong for å sjå og merke det eine partiet.
Les heile saka
Denne månaden kan vi gratulere Sissel Halset Storslett med biletet Frå verandaglaset som vinnar av månadens bilete. Kanskje var det den fine vårfølelsen som gav utslaget. Vi håpar iallefall mange lot seg inspirere og sender inn bilete til oss utover våren.
Les heile saka
I helga var Torstein Snekvik til Narvik og opptredde på Vinterfestuken. Det er eit kjempestort arrangement men med nærmere 50.000 besøkende, fordelt på mange arrangement. Rundt 2000 var tilstede på Norkraft Arena da Torstein avsluttet årets familieforestilling, og han har aldri opplevd makan til publikum – det var elevill hyling og full trøkk.
Les heile saka
Søndag var karane i brannkorpset i Todalen på Ansnessaga for å spyle rein tomta. Dei var innleidd av Møre Tre AS for jobben, for å få bort rusk og rask etter Dagmar. Det er da spesielt med tankepå mykje spikar og skruvar som ligg laust . For å få nok trykk i slangane demde dei opp sagelva. Sjølv om det ikkje var flammar og varme med i bildet denne gongen, fekk dei i seg varmen likevel.
Les heile saka
Historielaget gjorde fort unna årsmøtet søndag ettermiddag. Det var ingen brennbare saker, og årsmelding, rekneskap og val gikk unna i ein fei. Årsmeldinga gjenspeila at det hadde vore stor aktivitet i laget, som hadde laga både årsskrift for laget og jubileumsskrift for Todalen kyrkje. I tillegg hadde dei arrangert museumsdag, historisk vandring på Todaløra og arbeid med den nye bygdeboka som dei vikigaste sakene. Rekneskapen gikk akkurat i balans for 2011, men laget har ein god og sunn økonomi, konkluderte John Moe som var møteledar.
Les heile saka
Vi gratulerer Jo Kåre Torvik som gikk til topps i sin klasse i Veteran-VM i hopp i Szczirk i Polen denne veka. Han leda med eit fattig poeng etter første omgang, og klarte å halde konkurrentane unna også i andre omgang, med 1/2 poengs margin til tyskeren Stielow Jurgen. Szczirk ligg eit par mil sør for Krakow og ikkje langt unna OL-byen Zakopane. Her var det konkurranse i tre bakkar, 40 – 70 – 90 meter. Det var i 40-metersbakken og i klasse 50-55 år at Torvik gikk til topps.Torvik deltok også i 70-metersbakken, og der hamna han på ein 8-plass.
Les heile saka
I går var Start 4H på stortur til Trondheim. Dei hadde bestilt plass for utfoldelse på Bowling 1 og Gocart AS på Heimdal der dei i tillegg til å bowla også kjøyrde kvar sin runde med gocart. Det var heile 26 ungar som deltok på turen saman med rådgjevarane Jon Olav Roaldset, Hanne Waag pluss fleire av foreldra.
Les heile saka
Snow On a Mountain sine to konsertar neste laurdag er desverre avlyst melder Eirik Husby til todalen.no. Dei vil prøve å sette dei oppatt på eit seinare tidspunkt. Dei var planlagt på Pakkhuset Kro og i Amfi senteret.
Les heile saka
8.mars, kvinnedag og ikkje minst ein merkedag for Ann Kristin Nerland Bruset og alle hennar sine medarbeidarar. Då kunne ho endeleg opne dørene for det splitter nye Surnadal Trenings- og velværesenter. Todalen.no var desverre forhindra frå å delta på festiviteten opningsdagen med snorklipping av Mons Otnes og kaker i fleng. Men tok turen dagen etter for å sjå på dei nye lokala og alle dei nye fasillitetane.
Les heile saka
ICA Norge driv med omlegging og forenkling av kjedestrukturen på sine butikkar dette året. ICA Nær kjem bort som kjedenamn og blir erstatta av den nye kjeda Matkroken. Elles blir butikkane i kjeda kalla ICA Supermarked (store) samt RIMI og MiniRIMI (mellomstore) og altså blir Matkroken namnet på butikkar under 13 mill i omsetning. Hals-bua skiftar til Matkroken måndag 19. mars, og dei nye skilta vil kome på plass i slutten av veka.
Les heile saka
Det skjer i Todalen ungdomshus søndag 11. mars kl 14.00. Forutan vanlege årsmøtesaker er det forslag til nye vedtekter for godkjenning i Brønnøysundregisteret. Til underhaldning vil Svein Åge Saksen kåsere om industrihistoriske utviklingstrekk i Noreg frå 1500-2000. Han viser mellom anna filmklipp om vasskraft i Oppdal, oppgangssag frå Lesja og frå verdas største vasshjul i California. Alle er velkomne på årsmøtet. Sjå fullstendig møteinnkalling her.