Torsdag var det vårpuss på alle fronter. Todalen brannlag hadde sin årlege innsats med spyling av plassen framfor Talgø og Matkroken. Sjølv om det var litt motortrøbbel på brannpumpa så vart det gullande reint. Ein børstebil frå Eidsøra Betong tok eit par rundar rundt bygda og sopa saman restane av strøsanden som låg att rundt vegkantane. Den børsta og støvsuga og samla strøsandrestane i tanken.
Les heile saka
Fenomenet Klypa har sidan 2005 for alvor sett sine spor i humor-Noreg. Med sine over 7 millionar visningar gjennom nettstaden YouTube og heftig turnering over heile landet, har Klypa opparbeida seg ein stor og trufast fan-skare. Forrige show, «Laaangt over streken», vart spela over 160 gongar for fulle hus og solgte bortimot 70 000 billettar til saman. I tillegg har Klypa 2 dvd-utgivelser bak seg (Klypa 2009 og Klypa live in Oslo 2012) der begge har solgt til gull og platina.
Les heile saka
Langt over 30 personer møtte i går kveld opp på Bordholmen for å delta på eit enkelt førstehjelps- og hjartestartarkurs. Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen Sanitetsforening som sto som arrangør var overvelda over antall frammøtte. Ikkje minst var det veldig positivt at absolutt alle aldersgrupper var representerte. Hjartestartar Hjartine som tidlegare har vore forvalta av Todalen brannvesen, vart denne kvelden oppmontert i eigen skåp inne i gangen på Bordholmen, og skal auke beredskapen ved alle idrettsarrangement ved fotballanlegget.
Les heile saka
Det er god framdrift i øvingane til det improviserte 17.-korpset, fortel initiativtakar Frode Grønmyr, til Todalen.no. På siste øvinga møtte det 10 personar, og det er enno 3-4 som har meldt sin interesse for å bli med. Bra er det også at det er bra spredning på instrimentgruppene, så dette trur eg blir bra, seier Frode. Men det er enno ikkje for seint, dersomn du har lyst til å bli med….
Les heile saka
Fredag inviterer Surnadal og Sunndal kommuner til nettverkstreff på Talgø Utstillingssenter ved Storfossen i Todalen. Dette er et ledd i det såkall SU-SU samarbeidet mellom kommunane, og dei inviterer derfor næringslivet til ein kveld der presentasjon av Talgø, middag, mingling, idemyldring, underhaldning og presentasjon av mulegheiter for næringslivet til å søkje støtte til utvikling. Både ledarar og andre tilsette er velkomne. Har du ikkje alt meldt deg på, så er det enno plass til nøkre etteranmeldte.
Les heile saka
Dugnadsgjengen er godt i gang med arbeidet med å klargjere kyrkja for eit nytt målingsstrøk. Tysdag var to puljer i arbeid med å vaske og spyle vekk lort og sopp frå veggane på baksida av kyrkja. Dette arbeidet vil fortsett torsdag, med ein dugnadsgjeng på dagtid og ein ny gjeng på kveldstid. Dugnadssjef Ragnar Halle […]
Les heile saka
Onsdag kommer barnekoret ”La Maitrise de Conservatoire d’Asnieres sur Seine” til Stangvika. Eit 30-talls barn i alderen 8-14 år, sammen med 8 voksne, kommer med fly til Kvernberget og Stenbergs busser sørger for skyss videre til Stangvika. Der skal de ha litt intensiv øving sammen med lokale kor, før de så trår til med felles konsert i Stangvik kyrkje lørdag kl 15, forteller Rannveig Brøske.
Les heile saka
Hugs førstehjelps- og hjartestartarkurset på Bordholmen i morgon, onsdag kl 19. Ivar Bolme og Arnt Ivar Brøndbo vil ta for seg enkel førstehjelp og vise bruken av hjartestartaren som no blir stasjonert på Bordholmen.
Les heile saka
Start 4H ønsker medlemmar og andre friluftsinteresserte folk, velkomne til overnatting i lavvo ved Oddøyhølen laurdag 10.mai til søndag 11.mai. Her vil det bli ulike aktiviterar som spikking av seljefløyte, boksen går og kajakkpadling litt lengre ned i elva. Om kvelden blir det grilling og sosialt samvær rundt leirbålet. Den enkelte tek med grillmat samt mat til søndagsfrukosten.
Les heile saka
Også i dei yngsteklassane er det seriestart. G 10 Søya /Todalen har i kveld sin debut på Bordholmen kl 18. Dei skal da møte Surnadal G9, og spenninga brukar stort sett vere spent i slike lokaloppgjør.
Les heile saka
Dei siste dagane har det vore aktivitet med riving av den gamle Brusetløå. Med god hjelp frå Arne Gjeldnes med gravemaskin er heile bygget revet og og har hamna på bålet. Løå fikk ein skikkeleg knekk under hauststormane i fjor haust, og det var ikkje lenger botvon i det gamle bygget, fortel Ola Bruset, som […]
Les heile saka
Årets 1. sykkeltrim startet søndag 4. mai. Mens forrige uke kunne varte opp med temperaturer opp mot 20 – tallet, ble det en skikkelig nedtur i inneværende uke med tette snøbyger nesten hver dag. Vi får håpe at dette var de siste krampetrekninger av vinteren, og at vi går varmere tider i møte. Når temperaturen går ned mot 5 – tallet er det heller ingen stor fornøyelse å dra på sykkeltur.
Les heile saka