Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 12. mars 2022

Todalen Grendalag kallar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus torsdag 7. april klokka 19:00. Vanlege årsmøtesaker. Den som vil seie frå seg verv, må gjere dette skriftleg til valnemnda ved Finn Ranes eller Ola Dalsegg innan 20. mars. Saker ein ønsker å få behandla på årsmøtet må sendast skriftleg til styret ved Ragnhild Ansnes Moe innan 27. mars. 

Les heile saka

Svein M med Id4

Ny teknologi er kjempegøytt

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. mars 2022

Da fjoråret ebba ut vart Svein Mogstad pensjonist. Det skjedde etter eit langt og interessant liv, der Sveins virke har vore konsentrert under eit panseret på verkstaden hos Sveen Auto.  Da han starta hos Sveen i 1986, så var det liksom naturleg at det vart arbeidsplassen, og no var altså pensjonsalderen nådd. Det har vore stas å jobbe med bil!

Les heile saka

Kirsti Edøy blir ny styrar på Vangshaugen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 11. mars 2022

I ei pressemelding frå Kristiansund og Nordmøre Turistforening (KNT) i ettermiddag, blir vi informert om at Kirsti Edøy frå Molde blir ny styrar på Vangshaugen turisthytte. Vangshaugen turisthytte ligg ved Storvatnet i Grødalen, i Sunndal kommune, og er etter KNT sitt eige utsagn, ei av dei flottaste turisthyttene i Norge og KNT. Vangshsugen turisthy har i over 120 år teke i mot fjellfolk, og har sidan 1934 vore driven og eigd av KNT.  

Les heile saka

Avslutta karrieren med 8.-plass i Paralympics i Beijing

Jon Olav Ørsal Fredag 11. mars 2022

Nils Erik Ulset signerte historieboka med ein flott 8.-plass i dagens 12,5 km skiskyting.  Dagens skyting enda med 2 bom – i første og tredje skyting – medan det vart fullt hus i 2. og 4. skyting.  Dermed sette Nils Erik punktum for ein lang og innhaldsrik karriere.

Les heile saka

Trimpoeng – litt problem etter oppdatering

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 9. mars 2022

Etter ei oppdatering av Trimpoeng-appen «På tur i Todalen» natt til i dag, opplever somme at det er problem med å få sjekke inn på turmåla i appen. Elinor Bolme i Trimgruppa i Todalen Idrettslag seier at ei mogleg løysing er å avinstallere appen og deretter laste den ned på nytt. Etterpå er det berre å logge seg på att med ditt vanlege brukarnamn og passord. 

Les heile saka

«På tur i Todalen» – besøk nummer 2000 registrert i Toåa tursti

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 9. mars 2022

Sidan «På tur i Todalen»-appen vart lansert 1. oktober er det akkurat no registrert totalt 5410 innsjekkingar på dei 25 turmåla som er med i «På tur i Todalen». Toåa tursti er det turmålet med desidert flest innsjekkingar, og i dag vart innsjekking nummer 2000 registrert i turstien. Toåa tursti er også eitt av Stikk UT!-vinter sine turmål, og her er det, sidan oppstarten 1. desember i fjor, registrert 267 innloggingar akkurat no. 

Les heile saka

Natt til fredag – innstilte avgangar

Jon Olav Ørsal Onsdag 9. mars 2022

Natt til fredag 11. mars blir det arbeid på ferjekaia på Kvanne.  Derfor blir siste avgang frå Rykkjem kl 23.35 fredag kveld, og første avgang frå Kvanne fredag morgon kl 05.15 innstillt, melder Fjord1 i dag.  

 


Paralympics: 10.-plass på Nils-Erik

Jon Olav Ørsal Tysdag 8. mars 2022

På dagens konkurranse i skiskyting i Paralympics i Beijing, kom Nils-Erik Ulset på ein 10.-plass. Med berre 1 bok hevda han seg godt på skytebanen, men vart nok ikkje kjapp nok i sporet.

Les heile saka

Varma opp til kvinnedagen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 8. mars 2022

Mange møtte opp i går kveld da Todalen sanitetsforening inviterte til strøyminga av Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS) sitt arrangement Kvinnehelse: – «Det personlege er politisk» , som vart sendt direkte på storskjerm i ungdomshuset, frå Youngs i Oslo. Arrangementet til NKS er ein del av sanitetskvinnene si markering av den internasjonale kvinnedagen, som blir markert i dag. 

Les heile saka


Todalen.no kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 7. mars 2022

Todalen.no kallar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus onsdag 6. april klokka 20:00. Vanlege årsmøtesaker. Den som vil seie frå seg verv, må gjere skriftleg til valnemnda ved Frode Grønmyr eller Ståle Ansnes, innan 13. mars. Saker ein ønsker å få behandla på årsmøtet, må sendast skriftleg til styret innan 30. april. Fullstendig sakliste blir kunngjort her på Todalen.no 31. mars. 

Les heile saka

Todalshytta: Minner om balldag på tysdag

Jon Olav Ørsal Måndag 7. mars 2022

Sist tysdag vart balldagen kansellert på grunn av sjukdom – no kjem «ballgjengen» på Todalshytta att med ny balldag tysdag 8. mars, på sjølvaste kvinnedagen.  – Som før kan du velge om du vil ha potetball eller sildball.  Servering frå kl 15 og utover – gjerne bestilling på telefon 929  97 550.