Lagseriestemna i friidrett er komne godt i gang – no blir det lagseriestemne for store og små kvar tysdag fram til ferien. Det er start kl 18.00 og dersom du vil kan du prøve på idrettsmerket på slike kveldar.
Les heile saka
Lagseriestemna i friidrett er komne godt i gang – no blir det lagseriestemne for store og små kvar tysdag fram til ferien. Det er start kl 18.00 og dersom du vil kan du prøve på idrettsmerket på slike kveldar.
Les heile sakaHundeutvalget i Surnadal JFF minner om saueavvenningskurset hos Bjarte Morten Røen, Kvennbøvegen 75 klokka 18 i dag.
Les heile sakaBarnehagen opnar utstilling i «Skulstuå» fredag 9/6 kl 14, og held ope til kl 16 på ettermiddagen. Dei håper at mange tek turen innom for å sjå noko av det som barnehagebarna har måla og teikna i løpet av våren. I vinter har barnehagen vore så heldige å fått sett utstillingar med Sissel H. Storslett og Reidar Østvik, og dei vart inspirert til å laga si eiga utstilling.
Les heile sakaTorsdag kveld kl. 19.30 vert det ope møte på kyrkjelydshuset på Skei om gudstenesteordninga som er i bruk i kyrkjelydane. Det er sokna Stangvik, Todalen og Åsskard som skal vurdere si ordning for hovedgudsteneste som vart vedteke og teke i bruk for nokre år sidan
Les heile sakaFotterapaut Pan Hoset kjem mandag den 12. og tysdag den 13. juni på nok ein runde med fotpleie i Sanitetshuset. Det er fortsatt Marit Sanden Søyset som tek i mot bestilling på time. Ho er å treffe på telefon 980 36 391.
Denne helga er det kioskope på 2. pinsedag (måndag) i staden for søndag som er 1. pinsedag og søndag. Første pinsedag er høgtidsdag, og butikken er stengt på same måte som 1. juledag og 1. påskedag. På 2. pinsedag butikken open som vanleg på søndagar frå 16.00 til 18. HalsOil drivstoff kan du imidlertid fylle heile døgnet dersom du brukar kortautomaten – her får du både bensin, diesel og fargadiesel – verdens beste drivstoff hevdar handelsmann Nordvik.
Todalen IL har også i år teke på seg vakthald og billettsalg under fredagens arrangement på Norsk Laksefestival. I den anledning er leiar Steinar Frøystad på utkikk etter frivillige som kan være med å bidra til kjerkomne kroner i klubbkassa. Dei treng totalt ca 28 stk, fordelt på vakter og bilettsalg fra ca 19.30 – 02.00.
Les heile sakaLaurdag vart vi frista av ein annonse frå folkemuseet i Sunndal som ligg på Leikvin. Dei kunne by på vikingemarknad, der du kunne oppleve ein snev av livet så langt attende som i jarnalderen. Vi dro til Likvin for å sjå og oppleve dette…..
Les heile sakaFrå Britt Mossing, rektor ved Todalen Oppvekstsenter har vi fått ei lita helsing frå alle ulike aktivitetar som har foregått på skulen den siste tida.
Les heile sakaVi er over på den første sommarmånaden, og det betyr også at vi skal stemme fram månadens bilete for mai. Vi takkar alle bidragsytarar til dagens bilete gjennom den siste månaden! Her finn du kandidatane vi har plukka ut denne månaden og kan stemme på din favoritt.
Les heile sakaOgså i år vert det felles, stor pinsegudsteneste i Stangvik. Sokna i Stangvik, Surnadal, Rindal og Halsa er saman i denne gudstenesta, og representantar frå alle sokna vert til stades og mange aktive deltakarar vert å sjå og høyra i gudstenesta. – Nytt av året er at gudstenesta i endå sterkare grad får eit økumenisk preg da representantar frå den katolske kyrkja og den koptisk ortodokse kyrkja, som har regelmessige samlingar i Surnadal, også deltek aktivt.
Les heile sakaNeste torsdag, nærare bestemt torsdag 8.juni er det klart for ny RAUS-konsert. Der skjer i Todalen ungdomshus, og RAUS 2017 kan by på ei heilt utruleg artistliste, der du finner velkjente navn frå tidlegare RAUS-konsertar som Amund Maarud, Claudia Scott, Jeff Wasserman og Johanna Demker. Men vi finn også 7 nye namn på lista, fortel Eric Malling som er vert på Todalshytta og arrangør av låtskrivarseminar på Todalshytta i neste veke.
Les heile saka