Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bygdas raskaste breiband…

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. desember 2014

I dag var det premiere for breiband via fiber, da Svorka Aksess starta tilkoplinga av abonnentar i boligfeltet på Kvennset. Med hastigheit på over 50.000 Mbit/s er det ei 10-dobling av farten for nedlasting og enda meir for opplasting. Vår billedredaktør for «Dagens Bilde», Mari Redalen, var ein av dei første som fikk nyte godt av den nye breibandsfarten.

Les heile saka

Klar for UKM?

Elinor Bolme Tysdag 2. desember 2014

Kulturkonsulent Lars Sæther i Surnadal kommune melder no om at ungdommar mellom 13 og 20 år nå kan melde seg på til lokalmønstringa av Ungdommens kulturmønstring (UKM) i Surnadal. UKM er et offentlig kulturtiltak og foregår hvert år over hele landet. Surnadal sammarbeider med Rindal og Halsa, og har satt sin lokalmønstring til lørdag 31. januar 2014.

Les heile saka

Diabetesforbundet takkar!!

Elinor Bolme Måndag 1. desember 2014

Kvart år gir Todalen IL alle pengane frå løpskontigenten frå mosjonsløpet «Ræta opp» til eit veldedig formål. I år gjekk inntektene på vel 10 000 kroner til Diabetesforbundet barn/foreldre i Sør Trøndelag og Diabetesforbundet i Surnadal, Rindal og Halsa. I den anledning har todalen.no motteke ein takke-epost frå Rigmor Torset frå diabetesforbundet i Trondheim som vi ønsker å formidle både til ære for initiativtakarar og deltakarar!

Les heile saka


Torgdagen vart suksess…

Jon Olav Ørsal Sundag 30. november 2014

Torgdagen på Skei vart ein ubetinga suksess, – og trekte folk i tusenvis. Dette var eit samarbeidsprosjekt mellom Kreativt Furum og Surnadal kulturhus, og Tove Merete Schei og Kartein Telstad var storfornøy både med arrangementet og tilstrøyminga av publikum.

Les heile saka

Adventsquiz – Første søndag

Ole Petter Talgø Sundag 30. november 2014

Kvar søndag fram mot jul vil vi på Todalen.no ha ein adventsquiz, hvor du kan vinne ein premie kvar søndag. I tillegg blir det ein litt større premie som blir trukke ut etter 4. søndag.
Spørsmålene vil bli Todalsorientert, og du vil være tre spørsmål kvar gong. Det vil kun være anledning til å svare på spørsmåla frå søndag morgon fram til midnatt samme søndag.

Les heile saka

Storsvert julemarked på Kårvatn

Elinor Bolme Laurdag 29. november 2014

Dagens julemarked på Kårvatn kan nok seiast vart ein liten suksess. Rundt 15 utstillarar hadde rigga seg til i lokala til gamle Kårvatn Fjellutstyr hos Gudmud Kårvatn, og folk strømma til frå åpning og utover heile dagen. Her var alt fra strikkavarer, honning, smykker, trearbeid, konfekt, lefser, saft og heimlaga bøker av urtepapir, for å nemne noko og slettes ikkje alt.

Les heile saka

Søndag – juletorg på Skei

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. november 2014

Det går slag i slag med julemesser og julemarked for tida. Laurdag var det på Kårvatn og søndag er det full fart med juletorg på Skei. Det skjer på torgplassen framfor kulturhuset og i sjølve kulturhuset – og på Thon Vårsøg hotell som har dekt eit stort familiejulebord i restauranten. Torgdagen varer frå 12-18 og med 40 utstillarar er det litt av kvart å by på både heimelaga og kortreiste matvarer og husflidsvarer av ymse slag.

Les heile saka

Trym gikk til topps i skribentkonkurranse

Elinor Bolme Fredag 28. november 2014

Trym Schei Kvendset vart tirsdag overraska av lokalpressa i Surnadal og ein representant frå Teatret Vårt da dei besøkte 6A ved Øye Skule i forbindelse med fylkeskonkurransen «Hvem bestemmer».

Konkurransen var ein del av Teatret Vårt sitt opplegg til alle elevane i 5.- 7. klasse i heile fylket i forbindelse med grunnlovsjubileet.

Les heile saka

Både nye og gamle for 4 nye år

Elinor Bolme Torsdag 27. november 2014

Under Surnadal Arbeiderparti sitt styremøte onsdag kveld vart nominasjonslista for kommande valgperiode vedteke. Her ser ein både nye og «gamle» kandidatar, samt at nokon kanskje manglar. 1. plassen er det sitjande ordførar Lilly Gunn Nyheim som har, medan ein på 2. plass finn Helge Røv som varaordførarkandidat.

Les heile saka

Siste strikkekaffe før jul

Elinor Bolme Torsdag 27. november 2014

Laurdag mellom 14 og 17 blir det arrangert Strikkekaffe i Sanitetshuset igjen. Dette er den siste samlinga før jul, og her blir det derfor avslutta med ei lita utlodning i lag med ein kaffekopp og noko godt å bite i.

Les heile saka

Toril førebur advent i «julebutikken»

Jon Olav Ørsal Onsdag 26. november 2014

Det er no mindre enn ein månad til jul, og førstkomande søndag er det første søndag i advent. For nokre dagar sia trefte vi Toril Redalen på Hageland – nettopp i full sving med å lage ein dekorativ adventsstake. I desember tek ho nemleg fri frå kunstnertilværet, – og blir «sesongarbeidar» på Hageland – og det gler ho seg til, fortalte ho…

Les heile saka