Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Laurdag: Tid for haustfest i Start 4H

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. november 2019

Komande laurdag kl. 14.00 er det tid for haustfest i Start 4H. Det skjer i Todalen skule, og alle er velkomne til å delta på haustfesta. Tradisjonen tru vert det utstilling av oppgåver, og visning av aktivitetar gjennom året, samt quiz, loddsal og merkeutdeling. Servering av kaffi og saft – og noko godt å bita i, melder Start 4H.

Les heile saka

God servering og godt samvær

Dordi Jorunn Halle Tysdag 12. november 2019

Todalen sanitetsforening inviterte eldre sambygdingar til middag i sanitetshuset tysdag 12. november; eit kjærkome tilbod for mange! Det er godt å samlast til felles måltid og prat.

Les heile saka


Kløvertur i vinterver

Dordi Jorunn Halle Måndag 11. november 2019

Kalenderen viser at det framleis er nokre dagar til midten av november, siste haustmånaden; men da Kløverturgjengen starta ut på trimtur i dag, viste gradstokken minus 10 grader! Iskaldt, men fint: Låg sol og rim på marka! Retteleg fint og stjerte før!

Les heile saka

Pensjonistlaget byr på tradisjonell julemiddag

Jon Olav Ørsal Måndag 11. november 2019

Surnadal Pensjonistlag har tradisjonell julemiddag på Nordmøre Folkehøgskule onsdag 4. 12. kl 1300. Det blir underhaldning, ordføraren kjem og orienterer, utdeling av eldrearbeidsprisen, allsong og musikk.  – Ikkje minst blir det god julemat!
Pris pr. pers kr. 200,- for medlemmer, kr. 250,- for ikkjemedlemar. Påmelding til Grethe tlf. 908 54 752 el. Wenche tlf. 911 75 335 innan 28.11.19.  Vel møtt!

 


Flott skøyteis på Bordholmen

Knut Bergli Måndag 11. november 2019

I helga var det full fart på skøyteisen på Bordholmen. I løpet av uka har det blitt vannet godt slik at isen var grei å leike på i helga. – Søndag var det folksomt på Bordholmen, og både voksne og unge prøvde seg på isen. Og på kjøkkenet ble det laget både kakao, pølser og vafler. «Her lukter det gafler» var det en liten kar som kommenterte.

Les heile saka

«Trio no Treble» på Kvenna Kunstverksted

Steinar Hasselø Måndag 11. november 2019

Uvanleg konsert i «nytt» lokale laurdag 23. november: «Trio no Treble» er, utradisjonelt nok, ein trio med bratsj, cello og kontrabass, basert i Trondheim! Ein trio utan diskant, berre mørke røyster og djup klang. Kan det bli betre? Trioen består av Lars Marius Hølås (bratsj), Eivind Rossbach Heier (cello) og Jostein Bolås Brødreskift (kontrabass).

Les heile saka

Lysande historie frå krigen

Steinar Hasselø, Surnadal kulturhus Sundag 10. november 2019

Svein Sæter lanserer bok på Surnadal kulturhus 20. november: – Dette er den sterkaste historia eg nokon gong har fått skrive, fordi ho viser korleis menneskeverdet kan overvinne bestialiteten. Det seier Svein Sæter om den nye boka si, «Krig. Mor. Bror» (Samlaget). Svein er ein fredens mann, som stadig vender tilbake til den andre verdskrigen i bøkene sine. – I historiene frå krigens mareritt finn eg ei nesten naturstridig tru på humanisme. Eg sluttar aldri å undre meg over kva krefter som finst i mennesket når det verkeleg røyner på, seier Svein.

Les heile saka

Fiskball til eit 70-tals sambygdinger

Jon Olav Ørsal Sundag 10. november 2019

Nordvik Grendalag inviterte sine sambygdinger på fiskballmiddag sist søndag, og det vart fullklaff med eit 70-tal til bords i Forsamlingshuset på Nordvik denne dagen. Serveringa starta kl 15, og alt etter eit kvarters tid var det få plassar ledig rundt borda, der det til og med var dekt på langbord på scena.

Les heile saka

Julebordet i Ungdomshuset – snart siste frist for påmelding!!

Jon Olav Ørsal Sundag 10. november 2019

Todalen idrettslag og Todalen Grendalag inviterer alle sine sambygdinger til julebord i Todalen ungdomshus. Det skjer den 23. november kl 20.00, dermed er det klart at dei gjentek suksessen frå i fjor med lokal julebordsfeiring i Ungdomshuset. Julebordet er ope for alle, og vi trur dette blir eit triveleg kalas, med mykje god julemat og god julestemning rundt borda i ungdomshuset, seier leiar i Todalen I.L. som presenter plakaten for Todalen.no.

Les heile saka

Siste Kløvertur denne hausten

Dordi Jorunn Halle Sundag 10. november 2019

Måndag 11. november blir det siste Kløverturen denne hausten. Oppmøte ved Hals/Matkroken kl. 11:00. Denne dagen går turen frå butikken og innover skogsvegen i Kvennsetlia.

Les heile saka