Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årets siste Fredrikkekaffe – triveleg ettermiddag i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Laurdag 9. november 2019

Det vart riktig godt oppmøte på sesongens siste Fredrikkekaffe, blide damer og god stemning. Ei riktig så triveleg stund med handarbeid, kaffe, kaker og livleg prat!

Synnøve og Ildri trivst godt på strikkekaffe. Ildri strikkar kjole. Foto: Dordi J H

Dordi og May-Elisabeth finn seg gode kaffebrød. Foto: Dordi J H

I 2019 har Sanitetsforeninga arrangert Fredrikkekaffe 11 laurdagar, og alle gongene har det vore stort oppmøte. Det viser at folk set pris på uformelle møteplassar med rom for god prat og fellesskap. Strikkekaffien er altså ein fin aktivitet i Sanitetsforeninga og i tråd med programmet til NKS om å skape inkluderande møteplassar og omtanke i nærmiljøet. Arndis og Helen er ansvarlege for dette fine  tiltaket i Todalen Sanitetsforening.

Randi og Arndis var vertinner. Her er det loddtrekking. Foto: Dordi J H

Dagens vertinner var Randi og Arndis, og dei stilte med riktig gode kaffebrød; sjokoladekake, kanelsnurrar og kjeks! Det var også utlodding; mange gevinstar og retteleg basarstemning.

Da er det berre å glede seg til  2020 – da blir det ny laurdagar med Fredrikkekaffe!

Fleire bilete frå ei godt ettermiddagstreff:

Kjekt å treffast. Frå venstre: Helen, Malli, Anne Helene, Eli, Synnøve og Ildri. Foto: Dordi J H

Dette skal bli ein løpar; nydeleg hardangerbroderi! Tru om det er julegåve? Det ville ikkje Margit røpe! Foto: Dordi J H.

Rundt borda kan ein sjå: May, Jorunn, Dordi, Randi, Helen,Eli, Ester Karin, Ildri, Dordi, Jorunn, Margit, Synnøve, Ingeborg, Berit og Jenny. Foto: Dordi J

Her er fin oppskrift på kopptue frå Helen. Foto: Dordi J H

 

Publisert: 9. november 2019, 18:12