I dag vil alle som har TV via Svorka sitt kabel-TV nett, i Surnadal kommune, få ei tekstmelding. Her blir vi informert om at Svorka skiftar frå Telenor til Telia som TV-leverandør dei neste fem åra. I tekstmeldinga blir vi og informert om at vi i samband med denne omlegginga vil få tilsendt ny dekodar mot slutten av neste veke. Dette gjeld for alle kabel-TV kundar i Surnadal kommune.
Les heile sakaLokale ringverknader av utbrot av muttert koronavirus i Trondheim
ei pressemelding frå Surnadal kommune no i kveld får vi ei oppdatering om lokale smitteverntiltak i samband med at den smittsame virusvarianten frå Storbritannia er påvist i Trondheim. Det dreier seg om påviste spreidde utbrot ved fleire handelssenter i Trondheim.
Les heile sakaSurnadal svømmehall – forsiktig gjenopning på kveldstid
På nettsidene til Surnadal kommune kan vi i dag lese at det blir ei forsiktig gjenopning av Surnadal svømmehall på tysdag- og torsdagskveldar, så da blir det mogleg å ta seg eit varmt bad i vinterkulda. Opningstida er 17:00 – 18:30 og 19:00 – 20:00 båe dagane. På grunn av smitteverntiltaka i samband med koronasituasjonen må ein bestille tid på førehand.
Les heile sakaSurnadal kino – ein norgespremiere og ein oppfølgar
Surnadal kino kan skilte med ein norgespremiere og ein oppfølgar. Premierefilmen er «The Marksman», som er ein film om ein ung meksikansk mann som er på flukt frå kartellmordarar. Filmen har norgespremiere 12.februar. Oppfølgarfilmen er filmen «Lassie kommer hjem». Her blir Collien Lassie og eigaren Fredrik på 12 år, foreina att, etter at dei ufrivillig har vore fråkvarandre ei stund.
Les heile sakaAsle Beck attende på scena på Todalshytta i sommer
I sommar får vi gjenhør med musikaraen Asle Beck. Nærare bestemt så skjer det laurdag 5. juni når han entrar scena på Todalshytta igjen. Da er det temmeleg nøyaktig 5 år sia sist vi hadde besøk av Asle, som i 2016 hadde konsert her saman med kompisen Gunnar Westlie. – Ja, tida går fort, gitt, seier Asle når vi konfronterer han med at det er 5 år sia sist.
Les heile saka10.2.21: «Koronaråd» for vinterferien frå Surnadal kommune
Vinterferien nærmar seg med stormskritt, og i samband med ferieavviklinga ønskjer Surnadal kommune å gje gode råd for korleis både tilreisande og fastbuande skal takle vinterferien. Bla vidare og les pressemeldinga frå Surnadal kommune som vi har lagt ut nedafor…
Les heile sakaGaupa i ferd med å bli «tettgangan»
Det siste 10-åra har rovdyra stadig kome meir i fokus for beitenæringa. Spesielt har sauebøndene vore hard ramma, og er påført store tap. Enkelte år er det faktisk enkelt som har opplevd katastofale tap på rundt 30 prosent og kanskje meir. Her i Todalen er det mange som rett og slett har lagt ned sauedrifta på grunn av store tap og at det ikkje har vore muleg å sette inn tiltak for å løyse problema som jerven nok har fått det meste av skylda for – men gaupa er nok medskuldig.
Les heile sakaKonfirmantundervisning med filmopptak
Tysdag ettermiddag var det konfirmantundervisning med filmopptak i Todalen kyrkje. Til vanleg har konfirmantane i Todalen og Stangvik sokn konfirmantundervisning kvar for seg, men denne gongen hadde dei felles undervisning. Bakgrunnen for dette var at det skulle gjerast filmopptak av ei «mini» gudsteneste der konfirmantane skulle delta. Gudstenesta kan du sjå frå klokka 11:00 søndag 21.februar. Vi vil her på Todalen.no legge ut link til gudstenesta klokka 10:45 søndag den 21.februar.
Les heile sakaBilete frå Todalen historielag
Atter en gong har vi vore så heldige å få bilete og tekst frå scannerpatruljen i Todalen Historielag, denne gongen er det fleire bilete av bryllaup i bygda.
Les heile sakaNordlysnatt månadens bilete for januar
Simen Søyset Johansen vant månedens bilete med Nordlysnatt. Vi gratulerer som månadens bilete vinnar for januar. Det er godt fotolys om dagane, og vi sett stor pris på nye bidrag.
Les heile sakaOm du høyrer kyrkjeklokkene i ettermiddag
Om du høyrer kyrkjeklokkene i ettermiddag, så har dette si naturlege forklaring. Det skal i ettermiddag vere konfirmantundervisning for konfirmantane i Todalen og Stangvik. Samstundes skal det gjennomførast ei lukka gudsteneste som blir filma i si heilheit.
Les heile sakaMista du skihanskane dine i Dalalia?
I helga vart det funne eit par skihanskar i Dalalia ved Kårvatn. Dei vart funne i traseen etter den merka turistlina, rundt 300 meter frå parkeringsplassen til hyttefeltet ved plassen. Er det du som er eigaren, kan du ta kontakt med finnaren på telefon 99117516!