Slik er Todalen sokneråd samansett etter valet i 2019:
Leiar Kristian Harstad Gjeldnes
Nestleiar Frode Grønnmyr
Medlem Monika Klungervik
Medlem John Moe
Varamedlem Anne Hjørdis Caspersen Telstad
Nyheter knytta til Todalen Sokneråd

Soknerådet med informasjon om konfirmasjonsgudsteneste (Kl 11:00) og utegudsteneste i arboretet (kl 12:00)
Laurdag 29. august er det konfirmantgudsteneste i Todalen kyrkje. På grunn av koronapandemien er det begrensa plass i kyrkja. Dette inneber at det berre er konfirmantane med innbedne gjester som kan delta i gudstensta.

Velstelt kyrkjegard
Fredag kveld var det slåttedugnad på kyrkjegarden. Her møtte det effektive og dyktige karar med godt og høveleg reiskap så resultatet vart retteleg bra; ein velstelt kyrkjegard.

Hurtigdugnad til finpuss på kyrkjegarden
Vi treng litt hjelp til finpuss på kyrkjegarden i kveld – ta med deg kantkløppar og kom oppfordrar Ragnar Halle. I dag blir det plenkløpping av kyrkjegarden, og etterpå blir det finpuss rundt kyrkjegardsmusen og rundt gravminna. Han oppfordrar også eigarane av gravminna til å ta ansvar for å rydde egne gravsted.

Slåttakarra i full gang på kyrkjegarden
I dag var dert full aktivitet på kyrkjegarden – 2 plenkløpparar i drift og dermed ligg det an til nystelt kyrkjegard til pinse. Det var Eivind Grønmyr og Ragnar Halle som med kvar sin plenkløppar sørga for slåtten denne gongen.

Gudsteneste i Todalen kyrkje i dag.
Eit av teikna på at vi er på veg mot eit opnare samfunn er dagens gudsteneste kl 11. Det er den første gudstenesta etter «koronakrisa» og vil nok være litt prega av aktuelle reglar for smittevern. Det er sokneprest Kristin Strand som er liturg, og organist er Bjørn Vevang. Takkoffer til trusopplæringa i menigheita. Velkomen til […]

Kyrkja opnar for gudstenester frå 24. mai i Todalen
Så er tida komen for å opne for gudstenester i kyrkja igjen. Første gudstenesta i Todalen kyrkje blir søndag 24.mai kl. 11:00.

Dugnadsånda lever i beste velgåande
I går kveld kalla Todalen sokneråd inn til dugnad på kyrkjegarden. Og for ein respons dei fekk! Nærare 40 personar tok turen innom for å hjelpe til med vårpussen på «sin» kyrkjegard. Her var det raking, kvisting, klipping, planering og mykje sosialt samvær. Det brukar alltid å væra eit særs godt oppmøte på kyrkjegardsdugnadane på […]

I dag: Dugnad på kyrkjegarden – rydding etter vinteren
Todalen sokneråd inviterer til dugnad på Todalen kyrkjegard tysdag 5. mai kl 18.00. Det er behov for å rydde vekk rusk og rask etter vinteren, og rette opp enkelte gravminne – og stelle rundt om kring på kyrkjegarden. Ta med reiskap til eigen bruk under dugnaden.

Tusen takk for støtta til Fasteaksjonen 2020!
Sokneråda i Surnadal og Rindal takkar alle som støtta årets fasteaksjon.
Leiar for innsamlingsaksjonen, Gro Hauge Venås, seier takk med denne helsinga:

Todalen kyrkje: 650 på gudsteneste på nettet
Gudstenesta på nettet må vel kunne oppsummerast som ein suksess. I skrivande stund på tysdags morgon er det 650 som har lasta ned linken og starta visning av nettgudsteneste frå Todalen kyrkje som vart vist på påskeaften. Det er 3-4 gong så mange som det er plass til i kyrkja.

Påskeaften – gudsteneste på nett frå Todalen kyrkje
I ei tid der alle gudstenester er avlyst på grunn av smittefaren for koronaviruset er det viktig å være kreativ og løsningsorientert, og finne nye måtar og gjere ting på. Det har sokneprest Kristin Strand gjort, og lagfredagskvelden var det full aktivitet i kyrkja med førebuing til nett-gudsteneste som altså blir sent via internett påskeaften 11. april kl 23:00.

Klarstemte tonar frå nyreparert orgel.
Midt inne i orgelet, mellom orgelpiper i alle størrelsar, stakk hodet på Espen Selbæk fram. Vi hadde nemleg høyrt rykte om at orgelreparasjon var i full gang i Todalen kyrkje. Orgelet har vore ute av drift på halvårsvis, og på siste gudstenesta vi var innom så var det organistvikar og pensjonist Bernt Bøe som satt og klimpra på eit piano. Det vart liksom ikkje det same som fyldig og klarstemt orgelmusikk, som vi har vore vant til.