Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag

Styret i Todalen I.L. – 2024
Leiar: Elinor Bolme
Nestleiar: Andreas Brøndbo
Kasserer: Jenny Stensby
Sekretær: Turid Sæter

Leiar Økonomigruppa: Bjørn Gunnar Ansnes

Leiar Trimgruppa: Sissel H. Storslett

Barne- og ungdomsleiar: Endre Talgø

Bygg- og anleggsleiar: Lars Stensby

Driftsleiar Bordholmen: Lars Stensby

Driftsleiar ungdomshuset: John Moe

Driftsleiar Toåa tursti: Elinor Bolme

Driftsleiar Hett & Svett: Anders Mo

Driftsleiar Tjønnmyra: Gunnar Nordvik

Driftsleiar skihytta og løypekøyring fjell: Terje Nordvik

Kontrollutval: Leiar: Sondre Halset, medlem: Kristen J. Ørsal og vara: Carina Talgø

Valnemnd: Leiar: Laila K. Bergli, medlem for 2 år: Ingrunn J. Torvik og medlem for 3 år: Hallvard L. Kvendset

 

Først publisert: 19. november 2009, 16:09 - Sist oppdatert: 20. mars 2024, 07:47

Nyheter knytta til Todalen Idrettslag

Ny målardugnad på torsdag

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. mai 2015

Redskapshuset på Bordholmen skal få eit nytt målingsstrøk. Dugnadsgjengen hadde første samling tysdag kveld, der 5 personar møtte. Litt regnvêr gjorde at det ikkje var tilrådeleg med noko målararbeid, men gjengen tok fatt på skråpejobben som vart på det næraste ferdigstillt. Torsdag frå kl 17 blir det ny dugnadskveld, og Gudmund Kvendset håpar at det da kjem bra med mannskap, slik at det blir litt fart i målararbeidet.


Målardugnad på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Måndag 25. mai 2015

Tysdag kveld blir det målardugnad på Bordholmen, melder Gudmund Kvendset i anleggskomiteen i T.I.L. Det er reiskapshuset som har fått eit facelift med ny bordkledning på vêrveggen, og no skal heile huset få eit strøk med måling. Dugnaden startar kl 17 – og sjølvsagt blir det dugnadskaffe.


Kveldstrim til Hyllå og Petlia

Jon Olav Ørsal Fredag 15. mai 2015

Måndag 18. mai arrangerer TIL trimgruppa rundtur frå Halla over Flathauann, oppover til Hyllå – vidare etter skogsvegen i Petlia – til Lauvåa og ned til Husby. Start frå Austistua på Halla kl 18:30, melder trimgruppa.


17.- maiprogrammet – folketoget startar i kyrkja

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. mai 2015

Det er gjort ei lita endring i programmet for feiringa av nasjonaldagen i Todalen. Folketoget har tidlegare starta i skulen og gått nedover til kyrkja. Det var først sett opp slik i år også, men FAO har endra dette, slik at starten på folketoget blir som tidlegare sett opp kl 15.15 – etter gudstenesta og kransnedleggjinga.


Frukosten er flytta til Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. mai 2015

17. mai-frukosten er flytta frå Bordholmen til Ungdomshuset. – Vi hadde ikkje nervar til å vente lenger på finvêret, gliser Knut Bergli, når vi besøker frokustgjengen i fullt arbeid med å rigge til for frukostservering i Ungdomshuset. Sjølv om det meldt lite eller ingen nedbør til 17. mai, så var det nok temperaturvarseleg som var avgjerande – med 4-5 varmegrader og litt vind blir det fort kaldt på Bordholmen, seier Knut.


Sper på reisekontoen

Elinor Bolme Onsdag 13. mai 2015

Det er ikkje berre poeng som skal sankast i vårsesongen for fotballgutane på G14 STKU. I kveld var dei saman med trenar, oppmenn og foreldre samla på Ansnes saga for å ta våropprydding for å spe på reisekontoen til dei skal til Norway Cup. Etter avtale med Møre Tre hadde dei fått oppdrag med å rydde rundt saga etter at sagbruket no har teke ein produksjonspause til sommars.


Nytt førstehjelpskurs

Elinor Bolme Måndag 11. mai 2015

Tirsdag 12.mai arrangerer omsorgsberedskapsgruppa i Todalen Sanitetsforening og Todalen IL førstehjelpskurs på Bordholmen kl 1800.

Ivar Bolme stiller for brannvesnet, og som fagmann for Hjartine.
Jan Ove Bævre og Olav Polden fra ambulansen gir oss førstehjelpskurs.


Storhaugrunden – 24 stakk ut på fellestur!

Dordi Jorunn Halle Måndag 11. mai 2015

Søndag arrangerte trimgruppa i Todalen idrettslag fellestur til Storhaugen. Dette for å markere at det har vorte ein ny «Stikk UT-tur» i bygda, nemleg Storhaugrunden. Tjuefire personar i alderen åtte til åtti år var med på turen, alle spreke både i motbakkar og unnabakkar. Leiar i trimgruppa, Jorunn Nordvik, var tursjef. Ho gjekk attast og passa på at alle vart med heilt ned att.


Ræta opp på 30 sekunder

Elinor Bolme Sundag 10. mai 2015

Er det snart på tide å komme i form til årets Ræta Opp? lurer Knut Bergli i Todalen IL. Lørdag 27. juni kl 12 startar nemleg den fjerde utgaven av mosjonsløpet Ræta Opp på Borholmen stadion. Løpet er i underkant av 3 km langt, med start og mål på Borholmen. Den tyngste delen av løypa er opp og ned ræta et par ganger.


StikkUT: Storhaugrunden på søndag

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. mai 2015

Trimgruppa minner om fellesturen rundt Storhaugrunden, med start kl 14 frå vedhuset på Haugligardane, via Storhaugen – og grilling med pølse, saft og kaffe ved Fosstrøin på returen. Alle er velkomne til å bli med på ein triveleg rundtur. Det er berre å StikkUT!


Vårens siste dametrim

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. mai 2015

Torsdag 7. mai blir vpårens siste innendørs trimøkt for dametrimmen. Det skjer som vanleg i gymsalen, og startar kl 20.00. Dametrimmen kjem muligens til å arrangere nokre fotturar utover mot sommaren – før dei tek ein velfortjent ferie, melder Turid Hals Sæther i dametrimmen.


17.mai – programmet er klart

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. mai 2015

Programmet for feiringa av nasjonaldagen er no klart. Det meste foregår på tradisjonelt vis, med biltog frå Matkroken kl 9.30 – og fortsett med stor felles frukost på Borholmen etterpå. etter ein liten pause blir det folketog frå skulen til kyrkja og gudstenesta der. Etter gudstenesta blir det kransnedlegging ved bauten, før toget fortsett til skulen. Frå kyrkja til skulen får folketoget følge av 17.-orkesteret som sørgjer for musikk til marsjen. I skulen blir det mat, allsong og leikar for borna – og sjølvsagt tale for dagen med Sondre Ormset.