Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag

Styret i TIL 2021
Leiar: Michal K. Heimlund
Nestleiar: Astrid Longva Kvendset
Kasserer: Jenny Stensby
Sekretær: Turid Sæter

Leiar, Trim/og allidrettsgruppa: Elinor Bolme                              Leiar Økonomi- og markedsføringsgruppa: Oda Halle
Leiar, Barne- og ungdomsgruppa: Ola Dalsegg

Leiar, Anleggsgruppa- drift og vedlikehold: Lars Stensby
Løypeansvarleg, fjell og Tjønnmyra: Ståle Ansnes 
Ansvarleg Ungdomshuset: John Moe
Ansvarleg Skihytta: Terje Nordvik

Fullstendig liste over tillitsvalde: «Tillitsvalde 2021»

 

Først publisert: 19. november 2009, 16:09 - Sist oppdatert: 3. mai 2021, 13:36

Nyheter knytta til Todalen Idrettslag

Nytt treningslokale

Nytt treningslokale

Elinor Bolme Fredag 13. april 2012

Mange har muligens sett at det har vore ein del aktivitet i "gammel-posthuset" den seinare tida. Det er fordi ein gjeng med unge menn har dreve oppussing av lokala. Ungdomane har som mål å få laga eit eige treningslokale her, til bruk for alle i bygda. Da todalen.no var innom som snarast, hadde dei så smått byrja å forflytta styrkeapparata som tidlegare har stått på Sias og Bordholmen. Ellers hadde dei måla det gamle postlokalet, flytta veggen mot der solariet er for å auke arealet litt og naturlegvis hatt på listverk.

Les heile saka

Dreg til England på fotballtur…

Dreg til England på fotballtur…

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. april 2012

Fredag dreg juniorlaget G-19 på fotballtur tul England fortel manager Terje Nordvik til Todalen.no. Det dreier seg om ein motivasjonstur som deltakarane har betalt frå eigen lomme og det er 11 ungdomar og 4 vaksne som fredag setter seg på flyet til Heathrow via København. Vel framme i England går turen vidare med to til Manchester, der dei laurdag skal på omvisning på Old Trafford og på museet til Manchester United. Søndag kl 16 er helgas høgdepunkt med kamp mellom Manchester unite og Aston Villa.

Les heile saka

Emil tok heim vandrepokalen

Emil tok heim vandrepokalen

Sondre Halset Fredag 6. april 2012

Vêrgudane viste seg endeleg frå si beste side og slapp no påskesola fram. Dermed var det klart for den tradisjonsrike Kjerringdilten, i regi av skihyttekomiteen og trimgruppa. Sjølv om sola skein, lura det nokre mørke byger uti fjorden som ga nokre snøfnugg, men dette var stort sett ingen ting å rekne samanlikna med nedbøren som vi har hatt i løpet av påska. Denne oppfatninga hadde også resten av bygdefolket, som etter kvart strømma i store stimar opp til skihytta. Arrangementskomiteen hadde fått fleire hendvendingar på telefon at det var folk på tur opp lia, og at starten på kjerringsdilten måtte utsetjast litt. Startskotet for kjerringdilten kunne endeleg gå og heile 40 personar stilte på startstreken.

Les heile saka

Kjerringdilten går som planlagt

Kjerringdilten går som planlagt

Elinor Bolme Torsdag 5. april 2012

Løypekomiteen ved Dan Roger Pedersen og Ståle Ansnes har rapportert til todalen.no at de har greidd å kjøyre på scooterspor frå Øyalia og fram til Skihytta. Dei kan fortelje at dei klarte å unngå at skidåra måtte leggjast om Snekkardalshalsen, da det skal være muleg å krysse elva litt lengre inn/opp enn vanleg ved Vintervaet. For tida er ikkje elva på det aller største, så det er muleg å forsere ho.

Les heile saka

Omveg til Skihytta, om du skal på Kjerringdilt

Omveg til Skihytta, om du skal på Kjerringdilt

Elinor Bolme Måndag 2. april 2012

Arnt Ivar Brønnbo melder i dag at den lova oppkjøyrde skutertrasseen til Kjerringdilten heng i ein tynn tråd. Idrettslaget sin skuter er ute av drift grunna ein oljelekasje, og i tillegg er føret av slik karakter at det er bortimot umuleg å ferdast til fjells no. Det har dei siste døgna snøa mykje både på fjellet (ca 70 cm) og nede i bygda, noko som gjer det vanskeleg med tanke på å komme seg opp om veret fortsett som no.

Les heile saka

Langfredag: Kjerringdilten på skihytta

Langfredag: Kjerringdilten på skihytta

Jon Olav Ørsal Sundag 1. april 2012

Todalen I.L. inviterer alle til Skihytta langfredag. Da er det tradisjonell «Kjerringdilt» og hytta har open kiosk med salg av forfriskningar. Rennet startar kl 13.00. Kjerringdilten går på idealtid, og det er sett opp ein fin vandrepokal til den som kjem nerast idealtida, melder T.I.L., trimgruppa. Det blir også høve til å ta skimerket denne […]


G19 vann over seniorane

G19 vann over seniorane

Elinor Bolme Laurdag 24. mars 2012

I dag var det duka for prestisjekamp mellom G19 Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen og A-laget til Søya/Todalen på Amfi Park i Surnadal. Unggutane på G19 var denne gongen hakket bedre enn seniorane, og stakk av med seieren, 2-0. Jamt over var dei litt betre trena, og klarte å halde hovudet kaldt igjennom heile kampen. Målscorarar var Marcus Lundquist Aune og Lars Kristian Øyen Kvande.

Les heile saka

G19 er klare til innsats på fotballbanen

G19 er klare til innsats på fotballbanen

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. mars 2012

Mandag kveld var det premiere for nye drakter og anna utstyr for G19 som er samarbeidslaget for juniorane i Todalen, Kvass/Ulvungen og Søya. Draktene som spelarane skal bruke er svart/kvitstripa som dei gamle draktene til Todalen, og dei har med seg solide sponsorar som har fått reklame på draktene og som tilsaman har bidrege med 50.000 i lagskassa. Det er HalsOil, Talgø og Surnadal Sparebank. Dei 19 spelarane fekk utdelt drakter, overtrekksdrakter og genser som reiseantrekk.

Les heile saka

Johan gikk «Birken» på 4.19.14!

Johan gikk «Birken» på 4.19.14!

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. mars 2012

I år er Johan kvendset einaste todaling som deltek i Birkebeinerrennet. Han er godt i gang og har passert Kvarstad, som er godt og vel halvvegs. I fjor vart han nummer 10 i klasse 75-79 år og gikk på tida 4.41.26. Så spørs det korleis føret og forma er i år? Vi er imponert over innsatsen, Johan!

Les heile saka

Kari Kvendset vart ny ledar i Todalen I.L. – oppdatert

Kari Kvendset vart ny ledar i Todalen I.L. – oppdatert

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. mars 2012

På årsmøtet til Todalen idrettslag vart Kari Kvendset valt til ny ledar i hovudstyret. Det var fredag kveld at Todalen idrettslag hadde årsmøte i Todalen ungdomshus, der vel tjue medlamar møtte. Det var eit årsmøte på det jamne, utan nokon store og viktige saker. Lagets økonomi er sunn, til tross for at laget gikk på eit underskot siste året. Underskotet har samanheng med det er brukt knappe 400.000 til renovering av ungdomshuset som har fått nytt og moderne toalettanlegg og skifting av ytterdører. Den største utfordinga i 2011 blir nok bygging av nytt lysløypeanlegg. Det er kostnadsrekna til 908.000, men tilskot frå fylket og ein betydeleg dugnadsinnsats gjer at de reelle kostnadene for laget blir rundt 300.000. I tillegg bevilga årsmøtet midlar til kjøp lyd- og AV-anlegg til ungdomshuset til ein kostnad rundt 100.000.

Les heile saka

Fredag kveld: Årsmøte i Todalen I.L.

Fredag kveld: Årsmøte i Todalen I.L.

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. mars 2012

Fredag 16. mars kl 19.30 er det klart for årsmøte i Todalen Idrettslag. Det skjer i Todalen ungdomshus, og no er saklista for møtet klar. Forutan vanlege årsmøtesaker så kjem innkomne saker på dagsorden. Det er kome 4 saker som vil bli diskutert på årsmøtet. Det gjeld satsar for betaling på skihytta, lydanlegg i Undomshuset, […]


Snømangel og dårleg ver gir fleire avlysingar

Snømangel og dårleg ver gir fleire avlysingar

Elinor Bolme Torsdag 1. mars 2012

Førstkommande lørdag var det meininga at Skigruppa i Todalen skulle stå for arrangering av sonerenn. Men som de ser av bildet frå tenkt målområde ved Todalen Oppvekstsenter frå i går ettermiddag er føret i dårlegaste laget. Leiar Jorid Haugen Ansnes og resten av skigruppa ser seg difor nøydd til å avlysa. Men det er ikkje berre […]

Les heile saka