Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søya og Todalen Skytterlag

Styret i 2016:

Leiar: Håvard Halset
Kasserar: Tove Talgø Brøndbo
Styremedlem: Odd Magne Haugen, Erling Talgø og Trond Stenberg

Først publisert: 19. november 2009, 16:18 - Sist oppdatert: 25. mars 2016, 12:41

Nyheter knytta til Søya og Todalen Skytterlag

Side 3 av 3123
Ekstra  oppskytarkveld

Ekstra oppskytarkveld

Jon Olav Ørsal Torsdag 28. juli 2011

Søya og Todalen skyttarlag avlyste oppskytinga sist måndag på grunn av den grusame handlinga i Oslo og på Utøya siste veke. Neste veke vert det imidlertid to skytekveldar, måndag (1.8)  og onsdag (3.8), med same tid 18-20 begge kveldane. Ledar i skyttarlaget, John Moe, fortel at dei no er i full gang med oppskytinga og […]


Oppskytinga  startar  i  kveld

Oppskytinga startar i kveld

Jon Olav Ørsal Måndag 27. juni 2011

I kveld startar oppskyting til jegerprøve på Skytebanen i Ranheimsvingen, fortel ledar i Søya og Todalen skytterlag John Moe. Skytinga går føre seg i tidsrommet 18.00 – 20.00. Dette er første kvelden av tilsaman 9 kveldar med skyteprøver. neste kveld er måndag 4. juli til same tid.

Les heile saka

Talgøpokalen  til  beste  samanlagt

Talgøpokalen til beste samanlagt

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. april 2011

Rindalsfelten er eit av dei største felstemna i Midt-Norge, der dei samlar langt borti 200 deltakarar til feltskyting. Arrangementet er eit samarbeid mellom Rindal skyttarlag, Rindalsskogen skyttarlag og Lomundal skyttarlag, og er eit dobbeltstemne der dei kjører fullt program på begge skytingane. Den gjevaste premien denne dagen er nok Talgøpokalen som er ein vandrepokal som går til beste skyttar sammenlagt på grovfelten.

Les heile saka

Søya  og  Todalen  skyttarlag  med  årsmøte

Søya og Todalen skyttarlag med årsmøte

Jon Olav Ørsal Måndag 15. november 2010

Måndag kveld var det årsmøte i Søya og Todalen Skyttarlag i Todalen ungdomshus. Frå årsmeldinga saksa vi at laget har registrert 113 medlemar, som er omtrent uendra frå året før. Hovudaktiviteten gjennom det siste året har vore oppskyting til jegerprøven, da det ikkje har vore arrangert skyttarstemne dette året. Laget har i år eit solid overskot, så økonomien er sunn og god, fortalte ledaren i laget John Moe.

Les heile saka

Mykje  folk  på  oppskyting

Mykje folk på oppskyting

Ole Petter Talgø Tysdag 27. juli 2010

Måndagskveldar blir det arrangert oppskyting av Søya og Todalen Skyttarlag, og vi har fått bilete frå oppskytinga i går. Den foregikk på skytebanen til skyttarlaget i Ranheimsvingen på Kvanne, og det var så mykje folk som møtte at alle skytebanene var fulle heile tida.

Les heile saka

Klart  for  skyteprøve

Klart for skyteprøve

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. juni 2010

Søya og Todalen skytterlag startar oppskyting til storviltjakta måndag 28. juni. Vidare utover sommaren blir det 8 måndagskveldar med skyting på lagets skytebane i Ranheimsvingen på Kvanne. Alle kveldane startar skytinga kl 18.00, og varer til kl 20.00.

Les heile saka

Side 3 av 3123