Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalsdagen 2016

2. juli er det klart for Todalsdagen 2016, med lotteri, fotball, kiosk, grilling, «ræta opp», loppemarknad og konsert på kvelden.

Du finn også alle nyheter relatert til Todalsdagen nedanfor.

Program

Kl 08:30 Grillen tennes
Kl 09:00 Kiosken åpnes
Kl 09:30 Start på fotballturneringen – Kampoppsett
Kl 10:00 Loppemarkedet åpnar
Kl 11:00 Start kubingo
Kl 11:50 Start Mini-Ræta- Les egen sak
Kl 12:00 Start RætaOpp – Les egen sak
Kl 12:00 Open dag på Gammelfabrikken – Talgø viser sine utstillinger
Kl 14:30 Trekning Superlotteriet – Les egen sak
Kl 16:15 Finale Lillegutt
Kl 17:00 Seremoni
Kl 19:00 Sommarkosert på Todalshytta – Les egen sak – Jo Sverre Sande og Johanna Demker gir oss underholdning

Velkommen til Todalen!

Publisert: 29. juni 2016, 13:07

Nyheter knytta til Todalsdagen 2016

Dugnadsgjengen fikk arbeidet unna

Dugnadsgjengen fikk arbeidet unna

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. juni 2011

Det var ein effektiv gjeng som var samla til dugnad på Bordholmen tysdag kveld. Det har vore tradisjon i over 40 år å rydde og fiffe opp anlegget til Todalshelga, som seinare vart Todalsdag som no skal arrangerast førstkomande laurdag. Med eit skikkeleg skippertak får ein gjort mykje på ein kveld som dette, sa Bjørn Hauglann som er stemnegeneral for niande året på rad. Tysdag kveld var det eit førtitals frammøtte, med massevis av utstyr og redskap av ymse slag. Dugnadgjengen vart delt i fleire arbeidslag, der nokre rydda kratt og skog, medan andre dreiv slått eller målinsgarbeid. Og eit par gjengar sette opp nytt solid gjerde rund heile Bordholmen stadion.

Les heile saka

Lopper til Todalsdagen

Lopper til Todalsdagen

Jon Olav Ørsal Måndag 20. juni 2011

No er det tid for å rydde i skuffer, skap, loft og kjellar for å finne fram lopper til Todalsdagens store loppemarknad, seier Jostein Bruset og Borghild Talgø i «Loppekomiteen». Vi tek i mot lopper onsdag 29., torsdag 30., samt fredag 1. juli på Bordholmen. Treng du hjelp kan du ringe til Borghild 908 41 614 […]


Loddsalget fortsett

Loddsalget fortsett

Jon Olav Ørsal Sundag 19. juni 2011

Martin og Karoline dreiv loddsalg ved ICA Todalen laurdag føremiddag. Det er førehandssalg for SuperLotteriet til Todalsdagen, og dei fortalte at loddane gikk unna. Søndag ettermiddag var Trym og Ingebrigt på plass for å selge lodd. Jobben går på omgang.

Les heile saka

Todalsdagen – trør igang lotteriet i pinsa

Todalsdagen – trør igang lotteriet i pinsa

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. juni 2011

Todalsdagen nemar seg med stormskritt – 2. juli er det full rulle på Bordholmen, og i år som i fjor er det Bjørn Hauglann som er sjef for arrangementet. Bjørn fortel at dei allereie er godt i gang med planleggjinga av arrangementet, og det første tegnet på at det er ting på gang er starten på lotteriet. I år er det kjempefine gevinstar, med eit MøreRoyal hagebord med 6 stolar i kunstrotting til ein verdi på 12.990. I tilleg er det utlodda ein fin og ny trøbil av same typen som dei som finns på Bordholmen. Denne er nok «innertier» for alle smårollingar, og har ein verdi på ca 4500

Les heile saka

Todalsdagen 2011 – laurdag 2. juli

Todalsdagen 2011 – laurdag 2. juli

Jon Olav Ørsal Sundag 23. januar 2011

Da er det klart at Todalsdagen 2011 blir arrangert laurdag 2. juli. Da blir det storinnrykk og fotballfest på Bordholmen, fortel Bjørn Hauglann, som er leder for fotballgruppa i Todalen Idrettslag som er arrangør av Todalsdagen. Denne dagen er det full fokus på barna- og barnefotballen, der knøtter, miniputter og smågutar/jenter får vise kva dei er gode for. Et førtitals lag, der dei fleste kjem få Nordmøre, vil kjempe om ballen og ein heil dag med fotballglede. Dette er dagen for å ta med både foreldere, søsken, samt bestefereldre, tanter og onklar til Bordholmen.

Les heile saka