Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Pussar til Todalsdagen 2012

Pussar til Todalsdagen 2012

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. juni 2012

Tysdag kveld var det «full puss» på Bordholmen, og klargjering til Todalsdagen som arrangeres laurdag 30. juni. Da kjem eit førtital fotballag med knøtter, miniputter og lilleputtar på Todalscup og da må anlegget vera strøkent. Det var fleire arbeidslag som var i aksjon rundt omkring på anlegget, der nokre dreiv rydding i lagerbygget medan andre dreiv slåttearbeid eller reparerte utgarden som vart øydelagt av stormen Dagmar i vinter.

Det er tradisjon å sette anlegget i fin stand til Todalsdagen, og det er litt triveleg at det er ryddig og fint når ein skal invitere over 400 fotballspelarar og mellom 1 og 2 tusen ivrige supportarar som gjestar til Bordholmen. For denne dagen er det barnas dag på Bordholmen, og da stiller sjølvsagt både foreldre og søsken, besteforeldre og tanter og onklar opp som supportarar. Det skulle jo bare mangle!

Dugnadsarbeidet vart ikkje ferdig denne kvelden, men det skal være ny dugnad neste tysdag (26. juni) til same tid kl 18. da får du ein ny sjanse til å bidra med din innsats.

Bilder frå dugnadsarbeidet på Bordholmen tysdag kveld finn du i bildegalleriet her.  Alle foto. Jon Olav Ørsal

Først publisert: 20. juni 2012, 05:00 - Sist oppdatert: 19. juni 2012, 21:45