Det var på tide at Bladfyk kom seg ned på flata igjen. Utanfor hytta kunne ein skimte spor. ”Gaupespor” tenkte vikaren påska 2015 for todalen.no. Ho hadde nemleg fått god trening på å kjenne att dei då. Gaupe! Hallo, det er jo heilt opplagt kven det er som har laga Svanemerket. Og om ho ikkje tok heilt feil kom personen til å avsløre seg i morgon.
Ja, er du like djerv som Lebrekk Bladfyk? Har du funne ut kven som står bak Svaninj?
Alternativa er:
a) Handelsmann Nordvik og Bodybyggargjengen
b) Reporter StikkUt!
c) Husbyggar Gjeldnes
d) Mann Med Skjegg
e) Styrmann Andersstu
f) Butikkstyrar Kvendset Bergli
g) Brusetslektningar med høg huvføring
h) Ordførar Nyheim og resten av følgjet i den kvite bilen
i) Årets bilete-vinnar 2015
j) Polsplystraren på bygdebakkom
k) Lundegaupa
Send inn svaret på epost til red@todalen.no Vi premierer etter både kreativitet og rett løysing. Siste frist for innsendelse er kl 12 i morgon, så her er det berre å hive seg i rundt!!
Ikkje heil sikker på løysinga? Les tidlegare episoder her:
Svanefjorden – eller pøblar med polsfot, del 1
Svanefjorden – eller pøblar med polsfot, del 2