Todalen idrettslag iviterte laurdag kveld sine medlemar til grillparty og ein svingom i Ungdomshuset. Etter mykje dugnadsarbeid tidlegare og foreståande arrangement som Todalsdagen og dugnadsinnsats på Laksefestivalen neste helg, ønska styret å gje litt att til medlemane. Derfor var det berre ein 50-lapp i billett, som inkluderte både inngang og grillmat. Norfolk frå Surnadal sørga for at det vart høve til ein svingom.
Les heile saka
Det har vore hevda at Trollheimen no skal være fri for ynglande jerv, etter at det var skote ei jervtispe og to ungar i området Gjevilvassdalen/Storlidalen forrige onsdag. Men sist måndag vart det oppdaga eit jervhi til innafor Surnadal kommune. Saksbehandlar Marit Gystøl bekreftar at dette jervhiet ligg i Todalen, skriv Tidens Krav torsdag. Ettersom jervane no har forlate hiet og det er lite snø att vil det ikkje bli sett igang jakt etter dei no i år.
Les heile saka
I dag er det storstilt reopning av Byggmakker Surnadal. Dei tek no i bruk nybygget på rundt 400 m2 som er bruka til sesongvarer med fine miljøutstillingar av hageutstyr og hagemøblar. Heile butikken er renovert og varene er omplassert slik at det er lett å orientere seg og det er smakfullt innreidd. Mellom anna er det laga ei ny fin miljøutstilling med bad og kjøkken.
Les heile saka
G12 og J12 har lenge gledd seg til deltaking i RomsdalsCup’n i fotball i helga, og laga har hatt eit lotteri på gang for å finansiere turen til Romsdal. Og det gjorde dei til gangs, for dei fekk inn heile 18.000 på lotteriet. Dei takkar for velvillig støtte både frå loddkjøparar, og frå sponsorar som har vore rause med gevinstar. Pengane skal gå til opphald, trivselstiltak og busstransport til og frå. Hovudgevinsten var ein skjenk frå Talgø, og den var det Beret Brøske som vann. Heile trekningslista finn du her.
Todalen Oppvekstsenter arrangerer førstkommande mandag den årvise skuleavslutninga. Både elevar og barnehageungane har øva i vekesvis fram til denne kvelden. Her blir det song dans og drama av ungane, allsong og muligheiter for ein kaffekopp med noko attåt. Og med tidlegare avslutningar i minnet, er vel denne verd å få med seg både for foreldre og besteforeldre, og ellers andre interesserte.
Les heile saka
Da har sommaren for alvor komme, med atterhald om at vi snakkar om norsk nordmørssommar. Sjølv om vi fekk sjå litt snø heilt ned i bygda også denne månaden, viser bileta vi får inn no at grønt gras har teke over hovedrolla.
Les heile saka
Fredag 15. juni startar laksefisket i Toåa. Det er knytta stor spenning til årets laksefiske, for no skal smolten som vart sett ut for 3-4 år sia være komne i fin størrelse på 4-7 kg. Slår det til kan det bli eit kronår, seier ledar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset til Todalen.no. Og det er god grunn til optimisme, for laksefisket er bra både i Surna og i Driva så langt i sesongen. Dei starta 2 veker tidlegare enn i Toåa og er altså komne godt i gang.
Les heile saka
Laurdag 16. juni kl 21.00 er det duka for årets medlemsfest i Todalen Idrettslag. Det skjer i Todalen undomshus, og T.I.L. byr på grillmat og dans ut i dei seine nattetimer. Vi ønskjer å påskjønne lagets medlemar for all dugnadsinnsatsen i forbindelse med Todalsdagen og på Laksefestivalen med ein slik sammankomst, fortel ledar Kari Kvendset. Derfor er billettprisen sett til kr 50 denne gongen. Kari håpar at så mange som muleg tek seg tid til å kome på medlemsfesta og til grillparty. Norfolk vil sørgje for dansemusikken på festen. Ta med godt humør og kom!
Søndag kjem det ein heil busslast med 50 pensjonistar frå Vestnes til Todalen og Todalen historielag. Dei vil sjå Todalen, og har eit spesielt ønskje om å sjå Halsesamlinga. Det er Per Bjørn Ellingseter som er reiseledar på turen, og dei skal ta heile rundturen med Svinviks arboret, Gammelfabrikken, Kårvatn og Halsesamlinga som no er på plass i biblioteket på Todalen oppvekstsenter. Nils Ove Bruset frå Todalen historielag blir med som lokal guide på heile turen rundt i bygda og til Svinvika til slutt.
Les heile saka
Tysdag hadde Søya/Todalen J12 kamp mot Surnadal 1 på bordholmen. Begge laga kjempa godt gjennom kampen, men denne gongen vart det Surnadal som trekte det lengste strået og vann mot heimelaget, men fotballjentene var like blide for det.
Les heile saka
Det er knappe to veker til St. Hans og klart for slåttonn. Todalen Samdrift er som vanleg tidleg ute og er alt komene igang med siloslåtten. Ståle Ansnes fortel at det har vore gunstige vilkår for grasvoksteren og at det er bra avlingar. Dei starta på slåtten på leid grunn i Brusetnesset, med Kristen Bruset […]
Les heile saka
Medlemmane i Todalen Sanitetsforening brukar kvart år å leggje sommaravslutninga si utaom sanitetshusets fire veggar. I år gjekk turen til Bøfjorden og eit besøk på Buret på Peøra hos Liv Berit Ansnes Brusethaug. Herfekk sanitetsdamene full oppvartning med omvisning på stabburet. Sekretær May-Elisabeth Holten har sendt oss ein heil del bilder frå besøket og omvisninga.
Les heile saka