Søndag 27. november er det klart for premiere for historielagets årsskrift for 2011. Det skjer i Todalen ungdomshus, mellom kl 12.30 og 16.30. Da blir det lagt ut for salg, og du som er medlem kan hente årsskriftet som er inkludert i medlemskapet. Det er mykje gammel og ny todalshistorie i årets utgåve, der lokale kunstnarar er hovudtema denne gongen; deriblant Margrete Halle Anthonsen. I samband med dette er det laga ei lita utstilling av noko av arbeida hennar i ungdomshuset denne dagen. Det er mest måleri, men også akvarellar og teikningar. Velkomen! Her kan du laste ned plakaten.
Vellukka med solidaritet
Mesta fullsatt sal med forventningsfulle ungar og kjøpelystne foreldre og besteforeldre gjorde sitt til at Todalen Oppvekstsenter sin solidaritetskveld vart ein liten suksess. Skulen har den siste tida hatt undervisning om Nicaragua og inviterte difor til solidaritetskveld for å vise fram det dei hadde lært og ikkje minst laga. For ungane på både skule og barnehage hadde i fleire veker førebudd seg på denne kvelden med produksjon av lyslykter, såper, lys, fat og juletrekuler for å nemna noko.
Les heile sakaTorstein med julkonsertpremiere i Grieghallen
Sist helg braka det løs med premiere på MGPjr julekonsert der Torstein Snekvik er en av deltagerne. Malin Reitan (vinner 2005) Jørgen Dahl Moe (vinner 2009) og Alexandra Rotan (superfinalist 2010) er de andre som er med i det 1,5 timer lange showet. Lokalt er det konsert i Kristiansund 2. desember og i Molde 3.desember.
Les heile sakaKjøp Jul på Nordmøre
Ola og Eivind Bolme er ute på sin årlege salgsturnè med «Jul på Nordmøre». Dei kunne fortelje at dei dreiv provisjonssalg av juleheftet for å tjene litt ekstra no før jul. Dei har salgsansvaret for heile Todalen, og rekna med å bruke fleire kveldar for å nå heile marknadsområdet. Dei kunne også fortelje at dei skulle bruke sykkelen på nærområdet i første omgang, men at dei satsa på å leige skyss på resten. Det er for langt å sykkel til Kårvatn og slike plassar, sa Eivind, og det må man være enig i.
Les heile sakaBeredskapsmøte
Laurdag arrangerte Indre Nordmøre Forsvarsforening temadag om beredskap i Sanitetshuset. Foredragshaldar var Anne-Lise Johnsen frå Eide. Ho er leiar for «Norske Kvinners Beredskap». Ho la i sitt foredrag vekt på viktigheita av beredskapsarbeid, og ikkje minst kom ho med mange ulike tips om det å vera beredt i kvardagen. Berre det å ha refleks i alle ytterjakkelommar er å vera i beredskap. Eller ha plaster i handveska og sekken når ein ute på tur.
Les heile sakaBrannutrykning til pipebrann
I 19-tida gikk brannalarmen i Todalen og Todalen brannlag rykte ut til Brusetmarka der det var meldt om pipebrann. Brannlaget i Todalen var raskt på plass, men da var allerede pipebrannen sløkt av seg sjølv. Faktisk var dei komne på åstedet når brannmeldaren var ferdig i telefonen. Denne gongen gikk det godt, men det har nok stor betydning at ein har lokale brannmannskap som har kort utrykningstid i slike høve. Det er dei første minutta som er viktigast.
Les heile sakaDugnadshelg på KNT Todalshytta
I helga var det dugnadshelg på Todalshytta, der naudsynt vedlikehald og småreparasjonar vart gjort unna i ein fei. Det var ein habil dugnadsgjeng som var i aksjon da Todalen.no stakk innom for å ta nokre bilder. Dugnadssjef var Eirik Gudmundsen, og han hadde fordelt mange slags jobbar alt etter lyst og kompetanse. Nokre dreiv med beising, andre med snekkering og ein gjeng reiv det gamle uthuset og attar andre dreiv med felling av trær. Og sjølvsagt var det folk på kjøkkenet som hadde ansvaret for at dugnadsgjengen fekk mat til å halde hjula i gang.
Les heile sakaSolidaritetskveld
Tysdag 22.11.2011 kl. 18.00 blir det solidaritetskveld ved oppvekstsenteret.
Arrangementet er eit samarbeid mellom skulen, barnehagen og FAU.
Solidaritetskvelden blir avslutning på ei veke med internasjonalt arbeid ved oppvekstsenteret der temaet har vore Nicaragua.
Den Gyldne Patron til Karen Johanne og Svein
Da festledar Lars Stensby kunne ønskje velkomen til Hjortfesta 2011 var det benka mellom nitti og hundre glade festdeltakarar rundt borda i Todalen Ungdomshus. Det var Todalen Idrettslag som hadde invitert sambygdingane til årets Hjortfest, medan Husby og Halle Jaktlag var vertskap. Tradisjon tru starta programmet med den lokale Jaktvisa som Jon Lunde er opphav til. Vidare vart det diska opp med velsmakande Jegergryte, som var servert med koka ris til.
Les heile sakaSurnadal Regnskap – faglig oppdatering
Surnadal Regnskap AS melder at dei dessverre må vi holde stengt torsdag 24. og fredag 25. november på grunn av faglig oppdatering.
Klart for Hjortfest i kveld
Todalen.no var ein snartur innom Ungdomshuset i ettermiddag. Her var det pådekt og klart til å ta i mot gjestar, og på kjøkkenet var det full aktivitet med kveldens hovudrett som er viltgryte. Husby og Halla Jaktlag er vertskap, og festsjefane Lars Stensby og Nils Ove Bruset var opptekne ved grytene da vi var innom. Dei minnte på om at festa startar kl 20.00, og dei lovar at det skal bli plass åt alle. Det er ikkje noko førehandssalg eller bestilling av billettar. På programmet står lett underhaldning, utdelinga av Den Gyldne Patron og sjølvsagt blir det ein svingom med Perikom Light. Her finn du plakaten.
Webkamera ute av drift
Web-kameraet på Hjellnes har vore ute av drift sia 28. juli kl 12:55. Det viser ein regnfull dag i Todalen, og bildet kunne nok ha stemt med vêrforholda for fredag. Todalen.no var torsdag i kontakt med kundeservice på Svorka om problemet, og dei var klar over at det lenge har vore problem på Hjellnes. Vi vart lova at dei same dag skulle vurdere situasjonen og kome att med informasjon om kva som skulle skje, og når feilen kunne bli retta. Det har ikkje skjedd, og vi kan sikkert ikkje vente at det skjer noko før i neste veke. Vi kjem att med info så snart vi veit noko meir.