Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
19 cm tjukk is

19 cm tjukk is

Elinor Bolme Torsdag 17. januar 2013

Georg Mossing var i dag ein tur ute på sjøisen på isfiske. Han hogg seg gjennom isen utanfor Ansneset, og som ein kan sjå på biletet er isen 19 cm tjukk.
Som oftast er isen enda tjukkare innanfor Holmen så han meinte det skulle være greit å driste seg utpå ein tur eller to i helga.

Det er no kanskje rundt 6-7 år sidan sist Todalsfjorden hadde ein så fin og tjukk sjøis, om underteikna ikkje minnst heilt feil. Og då var det knappsett med folk på isen i helgene, både fiskarar, sparkarar og skøytarar. For å komma seg utpå kan det nok anbefalast å starte i båthavna, men unngå utløpet ved settefiskanlegget, der det er eit parti ope vatn.

Ved eit kjapt søk på nett dukkat litt nyttig informasjon opp:

4 centimeter is tåler en mann

5 centimeter is bærer 100 kilo

10 centimeter tåler 400 kilo eller mann og hest

20 centimeter tåler en menneskemasse eller en bil

30 centimeter tåler tre tonns lastebil

Ved vindstille vær utan snø på isen vekser istykkelsen med 2,4 millimeter pr. minusgrad pr. døgn. Ved -20 grader bli altså isen nesten fem centimeter tykk i løpet av eitt døgn.

HER finn du enda meir nyttig informasjon om is og ferdsel på is.

Publisert: 17. januar 2013, 21:26