Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Todalsabend – kulturkveld i Köln

Todalsabend – kulturkveld i Köln

Jon Olav Ørsal Fredag 18. januar 2013

Like sikkert som det er møbelmesse i Köln i Tyskland kvart år, så er det Todalsabend – Todalskveld – der todalingar og todalsvener treffes. Det skjer på ein restaurant, både for å nyte god mat og drikke, og for ha det triveleg i lag. Det er Terje Nordvik som er intiativtakar til dette arrangementet, og i tillegg til andre todalingar så var det folk frå heile landet, samt frå Sverige, Danmark, Tyskland og kanskje fleire. Litt spesielt var det i år, for i år har dette arrangementet 20-årsjubileum, men Todalsabend er nok godt etablert som tradisjon.

Men Terje er nok vant med jubileum, som hadde ei heidundrande feiring av L. Hals sitt 100-årsjubileum, men litt ekstra stas måtte det bli på årets Todalsabend også. Så med eige songhefte, der «Song til Todalen» var obligatorisk, vart det mykje song, både i form av allsong og solosong. Narve talgø deklamerte som vanleg både Hyldbakk og Halse, og det vart etter kvart mange som var innom talarlista.

Kveldens høgdepunkt var nok utdeling av hedersprisar. Her var det tiltenkt to hedersprisar i høve 20-årsjubileet. Den eine fekk Jan Olsen frå Arendal, som fekk prisen for lang og tru teneste som toastmaster på desse arrangementa, og som i tillegg vart honorert for engasjement og godt humør. Den andre prosen gikk til Reiner Thieman. Han er ekte todalsvenn frå tida med tyske reiseselskap på Todalshytta i Todalen, og han reiser 4 timar med tog til Köln for å ta del i Todalsabend. Begge har no status som som æresmedlemar i Todalsabend. Heile festlyden vart forøvrig utstyrt med HalsOil-cap og -kulepenn

Heilt overraskande vart det delt ut nok ein ærespris. Rune Moe overraska Terje Nordvik med diplom og generalæresmedlemskap. Han vart rosa for initiativet og opplegget for disse kveldane som etter kvart har vorte ein attraktiv tradisjon. Terje er nok etter kvart vorte rutinert både når det gjeld å arrangere Todalsabend og jubileum etter kvart, og om ei stor veke er det på’n igjen. Da skal han jubilere sjølv. Men det er ei heilt anna historie.

Først publisert: 18. januar 2013, 18:37 - Sist oppdatert: 19. januar 2013, 11:14