Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Magiske forhold på isen

Magiske forhold på isen

Elinor Bolme Laurdag 19. januar 2013

I dag har redaksjonen vore på utflukt, og kan stadfeste at forholda på sjøisen er topp! Det var ikkje så alt for stor trafikk etter forholda, men fleire dristar seg kanskje utpå i morgon, for det er absolutt å anbefale. Georg Mossing var også ute i dag for å gjere frå seg hola til å sette garn i. Og her snakkar vi storarbeid. Han hadde skore opp rundt 25 hol med motorsag som han skulle bruke til å føre garnet under. Slikt tek tid, men skal ein få ferskfisk til middags lyt ein berre rekne med det, humra Georg. Og om nokon vil vere med å sjå på når han skal dra inn garna i morgon, er han å finne innafor Holmen rundt 11 tida i morgon.

Ellers er det åpa råk ved settefiskanlegget som nemt tidlegare. Vi opplyser også om at isen sluttar ved Gjengstøa, så ver varsom i dei områda. Det er veldig fint å starte utflukta i småbåthavna på utlegget der. Med eller utan skøyter eller spark!

Under er mange bilder av bygda og folket på isen i dag i vinterprakt. Alle foto ElinorB

Publisert: 19. januar 2013, 18:39