Vi vil med dette ynskje alle eit godt nytt år, og håpar alle får eit fint 2012. Todalen.no har i alle fall som mål å fortsatt vere ei interessant og oppdatert nettside for Todalen. Her finn du også ei lita oversikt over kva for saker som var dei mest leste i løpet av 2011 her på Todalen.no.
Les heile sakaÅrets siste gudstjeneste i 2011
Da er vi ved vegs ende av 2011, og i ettermiddag vart årets aller siste gudstjeneste held i Todalen Kyrkje. Dagens prest var Vidar Rygh, nytilsatt i Ranes og Øye sokn, og han fekk med det det ærefulle oppdraget i å døypa tvillingane Lisa og Jakop Ranes.
Les heile sakaNyttårsgudsteneste – kl 16.00
Nyttårsgudsteneste i Todalen kyrkje på nyttårsaften kl 16.00. Under julegudstenesta vart det opplyst om anna tidspunkt, men det er kl 16.00 som er rett. Det er soknepresten i Surnadal, Vidar Rygh, som held gudstenesta, og det blir dåpshandling. Ofring til Todalen Sanitetsforening. Soknerådet ønskjer alle velkome til årets siste gudsteneste!
Fleire nye medlemar
Todalen.no får stadig nye medlemar. 6 juledag hadde dei to styrmedlemane stand i Kaffekroken på ICA Todalen, der dei serverte kaffe og sjokoladekake til folk som stakk innom. I løpet av eit par føremiddagstimar var det eit 50-tal innom og fikk seg isskrape og pennar med «Todalen.no»-reklame på, og det resulterte i eit 10-tal nye medlemar. Det personlege medlemskapet er eit støttemedlemskap, og det er ligg ikkje nokon risk for å få noko tillitsverv i det. Altså er det ei rein støtte til drift av nettstaden Todalen.no!
Les heile sakaAnsnessaga: Skade for fleire millionar etter «Dagmar»
Det ble alt anna enn juleferie for Palmer Vikan og Ivar Bolme ved MøreTres anlegg på Ansnessaga. Dei har drive med verdisikring og opprydding etter Dagmars herjinger gjennom heile romjula. Konsernsjef Terje Talgø seier til Todalen.no at det nok er gjort skade for fleire millionar etter stormens herjingar ved anlegget på Ansnessaga. Det mest synlege er nok at det meste av taket på materialtørka og ferdigvarelagret er borte, men det er mange skadar på bygningane og mellom 250 og 300 kubikk med tømmer er spredd innover heile stranda til Kvennsetøran.
Les heile sakaStenger for vareteljing
I dag er det lurt å gjera unna handelen på ICA Todalen før kl 13, for da stengjer butikken for å gjera unna vareteljinga ved årets slutt. Butikken er altså open fra kl 10 til 13. Laurdag (nyttårsaften) er butikken open igjen, og da er opningstida frp kl 9 til 13. Søndag (1. nyttårsdag) er butikken stengt.
Talgø på Facebook
Talgø har forlengst fått si eiga bedriftsside på facebook, der Talgø-konsernets selskap vil leggje ut nyheiter og tips til dei som er interessert i interiør, hus og heim. Her vil du også kunne gjera eit og anna kuppet, så det vil lønne seg å følgje med i det som skjer. Du finn sida på www.facebook.com/talgosiden eller du kan berre klikke her. Stikk innom og les nyheitene, og trykk gjerne på «liker», så deler du også sia med dine venner på Facebook!
Romjulsmarsj på glattå
I dag vart den utsette romjulsmarsjen arrangert, og ein god del deltok på rundturen rundt bygda. Leiar i trimgruppa, Jostein Bruset kunne fortelje om 105 utdelte medaljar, noko han var godt nøgd med etter ei litt turbulent start på jula. Trimgruppa hadde også i år stasjon både i Sandstad- og Brusetkrysset, med servering av gløgg og kakao. Attåt var det høve til å ta lodd til inntekt for trimgruppa og idrettslaget.
Les heile sakaRomjulsmarsjen i dag: Start 12-15
Romjulsmarsjen er utsett frå 3. juledag til i dag, 5. juledag. Det blir start mellom kl 12-15, og det er registrering på Sandstad og Bruset. Det serveres sjølvsagt gløgg og kakao, og alle får fine deltakarmedaljer. Lotteri med fleire gevinstar, lodd kr 10. Alle er velkome til å delta!
Reisebrev frå The Kop på Anfield
En mørk mandagskveld på slutten av oktober, ringte mobilen med spørsmål om vi endelig skulle iverksette juleplanene. Hvert år siden hvem husker når, har vi snakket om at vi bør få oppleve Cristmas day og Boxing day i Liverpool. Cristmas day kan sammenliknes med julaften, mens Boxing day er mer som 16. mai-feiring. Det ordnet seg med hjelp av gode kolleger, og begge to fikk fri fra vakt, og dermed ble turen ble booket.
Les heile sakaJuletrefest 1. nyttårsdag kl 14
Juletrefesta som skulle vera 2. juledag måtte som kjent avlysast på grunn av straumbrotet etter uværet «Dagmar». Todalen sokneråd melder at det blir arrangert ny juletrefest (eller kanskje nyttårsfest) 1. nyttårsdag i Todalen oppvekstsenter kl 14.00. Der blir det gang rundt juletreet og framvising av lysbilete frå 60-og 70-åra, der vi får gjensyn med både folk og fe og trollheimsnatur. Det blir også forteljing frå juletrefestar før i tida og ymse anna. Dette blir avslutninga på jubileumsfeiringa for todalen kyrkje vart 150 år i 2011. Soknerådet ønskjer alle velkome og reklamerer med gratis inngang for alle!
Stinn brakke med «Todal’n ka no?»
Det var knytta stor spenning til årets julekabaret. Uværet og straumbrotet tidlegare i jula hadde laga mange forviklingar for både underhaldningsgjengen og festarrangørane, og heile generalprøven 2. juledag gikk i vasken. Men seint om kvelden 2. juledag kom straumen att, og det oppsette programmet kunne kjørast. Første framsyninga på ettermiddagen var «ny» generalprøve og hovudframsyninga om kvelden kunne gå som planlagt. For fullsett sal i Todalen undomshus kunne Borghild Talgø og Lars Sæther ønskje publikum velkomne til julekabareten «Todal’n ka no?».
Les heile saka