Denne månaden kan vi gratulere Sigve Ness Rolland som vinnar av månadens bilete. Med påskestemning og ei lysande bygd samla vinnaren meir enn halvparten av dei avgitte stemmene.
Les heile saka
Denne månaden kan vi gratulere Sigve Ness Rolland som vinnar av månadens bilete. Med påskestemning og ei lysande bygd samla vinnaren meir enn halvparten av dei avgitte stemmene.
Les heile sakaFrå Ingri Bruset har vi fått ein epost med turtips i nærområdet, nemleg til Bleikhammarholet oppe i Kvendsetlia. Mange av oss har sikkert høyrt om dette holet, men fåtalet har nok vore der, eller funne det. Men no kan det kanskej vere håp for fleire til å finna det.
Les heile sakaOgså i år blir det arrangert tradisjonell 17. mai i Todalen. Biltog blir det som vanleg frå L Hals/Matkroken før det blir felles frokost for heile bygda etterpå. Blir veret utverande blir den arrangert ute på Bordholmen, men blir det ruskever tek fotballgruppa og flyttar arrangementet inn til Ungdomshuset.
Les heile sakaTorsdag kveld var ein gjeng 4H’arar ute og selde loddar til inntekt for 4H. Dei brukar ved desse kveldane å dele seg inn i to «lag», der det eine laget sel loodd, medan det andre laget er på skulen og lagar pizza til dei andre kjem att etter endt salgsrunde. Styret i Start 4H hadde […]
Les heile sakaDa har Gjermund jobbet hardti kulissene nok en gang for å få et nytt blogginnlegg klart for oss. De aller fleste har det litt travelt, derfor ble det litt lang tid i mellom denne gangen, men håper på et kjappere innlegg til neste gang. Uansett, nå beveger vi oss til vakre Svalbard og «besøker» Sigrid Elise Talgø, opprinnelig frå Øyagrenda.
Les heile sakaLaurdag var det sesongstart i Svinviks arboret. Da todalen.no var innom tidlig på ettermiddagen var det regnbyger, men det var fleire som trossa vêret og tok turen til arboretet for å sjå rododendronblomstringa som enno er i startfasen. Dord Kjersti Mogstad som er fagleg ansvarleg for arboretet fortel at dei no ventar på varmen, slik at det blir sett fortgang på blomstringa. Det står fleire hunde sortar med rododendronbusker, med knoppar som er klare til å springa ut. Så når varmen kjem så vil det bli nerast ein eksplosjon i blomstringa.
Les heile sakaDet vart ei fin markering av Verdas aktivitetsdag 2012 i Svinvika, med vêrgudane i godlage og rundt 60 vandrelysne som var møtt fram. Arrangementet var eit samarbeid mellom Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag, Surnadal demensforening og helselag og Norsk Vandrefestival, og det var sett opp 3 alternative turalternativ som ein kunne velgje mellom. Etterpå var det servering av kaffe og bakels under open himmel i Svinviks arboret, og der var det også underhaldningsinnslag med Monna Tandberg. Ho framførte «Det vakreste som er skrive om kjærleiken» til eit lydhørt publikum.
Les heile sakaStangvik historielag vil gjenta suksessen med kulturvandirng på Kvanne. Etter utallige oppfordringar om reprise på vandringa, blir det ei ny vandring laurdag 12. mai kl. 1200. Alle som vil delta kan møte ved Jokerbutikken. Magne Hansen er guide, og etter vandringa blir det ei enkel servering.
Igjen er det tid for å kåre månadens bilete. April var forhåpentlegvis siste månad før sommaren med store snøfall, og sola har no begynt å gi vårlege temperaturar. Dette gav oss både vinterlege og vårlege bilete i april.
Les heile saka«Som kjent er det ikke størrelsen som teller i alle sammenhenger», skriver Knut Haugen på nettsida til I.L. Søya. «Kanskje har det en viss betydning når det gjelder fotballtribuner, men på tribunen skal det også være trivelig og fint – og ikke minst skal den ha en «sjel». Vår påstand er at Søya ved «Banksletta» har Nordmøres beste fotballtribune – riktignok med bare 16 sitteplasser. Såvidt vi vet verdens minste sittetribune med tak!»
Les heile sakaTrondhjems Turistforening har søkt om løyve til å sette opp ny turisthytte i Naustådalen. Den skal erstatte den gamle naudbua som står innafor Naustådalsvatnet, og som da er tenkt skal rives. Verneområdestyret har på møte den 7. mai imøtekome søknaden, men på visse vilkår. Mellom anna skal tak og veggar være av tre eller stein og ha grå fargetonar for å minimere byggets visuelle effekt. Her kan du laste ned referat frå møtet i Verneområdestyret for Trollheimen.
Laurdag 12. mai er det klart for sesongopning i Svinviks arboret. I arboretet er allereie rododendronblomstringa så smått igang, men den kalde våren har gjort sitt til at blomstringa har bremsa opp litt og er godt «timet» med sesongopninga, fortel Ola Bruset som er vaktmester i arboretet. Bruset fortel at det no er rydda og klart til å ta imot publikum frå både fjern og nær.
Les heile saka