Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Drømmedag i fjellet

Drømmedag i fjellet

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. mars 2013

Laurdag var det ein drømmedag i fjellet, med gnistrande føre og sol frå blå himmel. På Innerdalsmerket og på Kårvatn var det tilsaman eit 20-tal bilar som tilhøyrde folk som hadde drege til fjells. Frå Innerdalsmerket var det køyrd opp løype mot Tristeinan og Midtryggen, og det var fleire som fortsette til Bjøråskaret.  Jo Gjeldnes tok turen til Bjøråskaret, saman med kameratane Øystein Wiig og Bjørnar Brøske. Dei kunne rapportere om god temperatur i sola, og heilt vindstille på toppen.

Det var fleire som starta frå Kårvatn og tok turen opp Dalalia til Tydalsnebba. Dei fekk nok også full utteljing  med flott utsikt i den klåre lufta som var i dag. Det er same fine vermeldinga til søndag, med 10-tals kuldegrader i natt og litt mildare på dagtid søndag.  Det er nok lurt å ha med seg godt med klær når ein drar til fjells denne årstida. I tillegg lønner det seg å være litt forsiktig, sjølv om rasfaren kanskje ikkje er overhengande stor.

Todalen I.L. har køyrt opp løype frå Innerdalsmerket til Tristeinan og oppå Midtryggen, samt utover til Skihytta og ned i Øyalia.

Vi har fått fine bilder frå turen til Bjøråskaret frå Øystein Wiig som er lagt i bildegalleriet nedafor.

Publisert: 9. mars 2013, 20:28